| Leonhard Stock | |
| Statsborgarskap | Austerrike |
| Fødd | 14. mars1958 (67 år) Finkenberg |
| Idrett | alpint |
| Tok del i | Vinter-OL 1988,alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – men's downhill |
| Utmerkingar | æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken |
Leonhard Stock (fødd 14. mars 1958) er einausterriksk tidlegare alpin skirennar frå Finkenberg iTirol. Han vart olympisk meister i utfor underVinter-OL 1980 iLake Placid.
Stock debuterte iverdscupen i alpine greiner i 1976 og var aktiv til 1993. I tida frå desember 1978 til desember 1992 tok han 25 gongar steget opp på sigerspallen, men berre ved tre høve stod han øvst på pallen. Fyrste sigeren kom ikkje før 5. januar 1989, då han vann eit utforrenn iLaax. Sidan han vann han utforrenn iVal-d'Isère i desember 1990 ogGherdëina i desember 1992.
Allereie i 1979 gjorde Stock sin beste sesong i verdscupen i alpine greiner då han enda på andreplassen, berre Peter Lüscher fråSveits samla fleire poeng gjennom sesongen. Stock sin største triumf kom undervinterleikane 1980 iLake Placid, der han overraska og vann gullmedaljen i utfor på suverent vis. I dei same leikane vann han VM-bronsen i kombinasjonen. Stock var nær ved å sikre seg nye medaljar i seinare meisterskap; han vart nummer fire i super-G iVM i alpine greiner 1987, og fekk same plasseringa i utfor underVinter-OL 1988 iCalgary, samt iVM i alpine greiner 1991 iSaalbach-Hinterglemmm.