Leninismen er eit omgrep som refererer til politiske og filosofiske teoriar utarbeidde avbolsjevikleiarenVladimir Lenin, og av andre som hevdar at dei byggjer vidare på Lenin sitt arbeid. Leninismen byggjer påmarxismen, og dannar basis for det som fråStalin si tid vart den offisielle ideologien tilSovjetunionen, kallamarxismen-leninismen.
Uttrykket leninisme var lite brukt medanVladimir Lenin levde, men frå han døydde i1924 vart det brukt positivt om den varianten av marxisme han hadde stått for, av tilhengjarane hans. Dette gjaldt iSovjetunionen bådeJosef Stalin ogLev Trotskij. Etter at Stalin vann maktkampen iDet sovjetiske kommunistpartiet, vart denstalinistiske tolkinga av Lenin, marxismen-leninismen, regimet sin offisielle ideologi. Dermed vart han òg denTredje Internasjonalen sin.Trotskistane meinte på si side at det var dei som var dei rette arvtakarane etter Lenin, og kalla segbolsjevik-leninistar i opposisjon til «den stalinistiske degenereringa».
Lenin kalla seg sjølv marxist. Men Lenin tok meir utgangspunkt i taktiske vurderingar ennKarl Marx, og var difor ueinig med Marx på sentrale punkt. Lenin meinte til dømes i motsetnad til Marx at ein sosialistiskrevolusjon kunne gjennomførast i eit tilbakeliggjande land somRussland, derkapitalismen berre var i startfasen, ogarbeidarklassen eit lite mindretal i folket. Sjølv om vurderingane til Lenin var taktiske og dermed situasjonsavhengige, vart mange av dei opphøgde til absolutt sanning av kommunistar i heile verda på1900-talet.
I pamflettenЧто делать? (Hva må gjøres?) fastslår Lenin at arbeidarklassen si maktovertaking måtte vera leidd av eit eliteparti. Pamfletten var ei viktig årsak til splittinga iDet russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet.Lenin sin kaderpartimodell har seinare vorte brukt av kommunistparti i dei fleste område i verda. Lenin fastslo òg at eit kommunistparti berre kunne nå måla sine gjennom eit disiplinert organisasjonsapparat og praktisering av det han kallardemokratisk sentralisme, som vil seia at saker vert grundig handsama internt og at tillitsvalde står for partiet sitt «endelege» syn også når dei har vore usamde i det.
Lenin meinte òg at kommunistpartiet var den einaste institusjonen som kunne tala arbeidarklassen si sak. Lenin sine teoriar om partiet, og om partiet si rolla som dei einaste representantane for arbeidarklassen, har i dag lite oppslutnad, men den demokratiske sentralismen er framleis halden i hevd i dei fleste kommunistparti som høyrer til den leninistiske tradisjonen. Lenin sin partiteori står i sterk kontrast til Marx, som iDet kommunistiske manifestet slår fast at «kommunistane» i hans meining av ordet ikkje er eit eige parti i det heile teke.[1]
Den leninistiske modellen for revolusjon var militaristisk, og tok utgangspunkt i den vellukka storminga avVinterpalasset ioktoberrevolusjonen i1917. Ein slik revolusjon går ut på at arbeidarklassen vinnklassekampen gjennom eitt avgjerande slag mot borgarskapet. Det har seinare skjedd fleire slike revolusjonar som har vore vellukka, men berre i ustabile eller mindre utvikla statar.
Lenin såg på det borgarlege demokratiet som eit skinndemokrati, som ei skjuling av borgarskapet sitt klassediktatur, og ville erstatta dette medproletariatets diktatur, der arbeidarklassen skulle undertrykkja dei tidlegare undertrykkjarane. I Sovjetunionen førte dette til opprettinga av ein ny, herskande elite, der proletariatet sitt herredømme vart til partiet sitt diktatur.