Leksikografi er eit fag som tek for seg teoretiske og praktiske problem ved utarbeiding og bruk avordbøker og andre oppslagsverk.[1] Sentrale felt innanfor leksikografien inkluderersemantikk (tydingslære),morfologi (bøyingslære) ogkontrastiv lingvistikk.
Ein deler leksikografi inn i einpraktisk og einteoretisk del.Praktisk leksikografi vil enkelt og greitt seia at ein førebur og skrivordbøker.Teoretisk ellermetaleksikografi er ein akademisk disiplin som studerer og skildrar semantiske tilhøve i ordforrådet til eit språk og utviklar teoriar om dette og korleis ein lager ordbøker. Dei to felta har nær tilknyting, ettersom ein må ha gode teoretiskekunnskapar for å laga ei god ordbok.
Den teoretiske leksikografien kan vidare delast inn i tre område:
- Brukarforskinga fokuserer på teoriar og metodar for å sjå på korleis folk bruker ordbøker slik at ein kan finna prinsipp for å laga betre bøker.
- Ordbokskritikken fokuserer på å utarbeida konkrete vurderingar av ordbøker og teoriar og metodar for åmelda desse.
- Systematisk ordbokforsking fokuserer på utviklinga av nye teoriar eller forbetringar av eksisterande teoriar for å utvikla nye og betre ordbøker.
Det finst òg andre inndelingskriterium i leksikografien. Ein kan til dømes dela han inn etter talet på språk, om ein lagareinspråklege ellertospråklege ordbøker. Ein kan òg skilja mellom allmenn og fagspråkleg leksikografi.
- ↑Gundersen, Dag (26. april 2018).«leksikografi».Store norske leksikon (på norsk).
- Henning Bergenholtz/Sven Tarp (red.):Manual i fagleksikografi. Systime 1994.
- Sandro Nielsen: «Anmeldelse af ordbøger». I:LexicoNordica 10-2003, 27-44.
- Sandro Nielsen: «Overvejelser angående det leksikografiske grundlag for en elektronisk bilingval regnskabsordbog»,LexicoNordica 9-2002, 173-194.
- Sandro Nielsen: «At anmelde og blive anmeldt videnskabeligt». I:LexicoNordica 15-2008, 169-195.
- Bo Svensén:Handbok i lexikografi. Nordstedts Akademiska Förlag 2004.