Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lekamleggjering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Min by, du ligger rastløs selv om dagen din er over. For du vet at natten din blir aldri lang.

Lillebjørn Nilsen
«God natt, Oslo»

Lekamleggjering, personifikasjon ellerpersonifisering er omgrep for det at ein gjevskapnad ogpersonlegdom tilabstrakte omgrep ogidear. Dette er ei form formetafor og er utbreidd innan mellom annareligion,litteratur,kunst ogretorikk. Ofte er lekamen ein kler ideen imenneskeleg i form eller oppførsel.

Ein kan personifisera noko gjennom å tillegga det eigenskapar som høyrer til ein person, til dømeskjensler ellertankar.

A Justiça av Alfredo Ceschiatti. Skulptur som lekamleggjerrettvise ved denbrasilianskehøgsteretten iBrasília.

Ei meir fullstendig lekamleggjering kan gå ut på å gje ein abstraksjon form som ein person i kunstnariske framstillingar, til dømes i framstillingar avrettvise som ei kvinne med bind for augo, eiskålvekt og/ellersverd.

Nokre utbreidde motiv for kunstnariske lekamleggjeringar er ideal somfridom, rettvise,sanning ogdei sju dygdene, abstrakte omgrep somdøden ogtida, ulikekunstformer, typisk sommuser, og geografiske område somland eller verdsdelar.

Sjå og

[endre |endre wikiteksten]

Døme

[endre |endre wikiteksten]
  • Egyptiske nilgudar og lekamleggjorte byar og distrikt som kjem med offer til dei. Frå grava til Ramses III frå 1100-talet f.Kr.
    Egyptiske nilgudar og lekamleggjorte byar og distrikt som kjem med offer til dei. Frå grava til Ramses III frå 1100-talet f.Kr.
  • Forfattaren av Wiener Dioskurides frå 500-talet avbilda saman med lekamleggjeringa av oppdaging.
    Forfattaren avWiener Dioskurides frå 500-talet avbilda saman med lekamleggjeringa avoppdaging.
  • Lekamleggjeringar av Slavinia, Germania, Gallia og Roma hyller keisar Otto III. Manuskriptillustrasjon frå rundt år 1000.
    Lekamleggjeringar av Slavinia, Germania, Gallia og Roma hyller keisar Otto III. Manuskriptillustrasjon frå rundt år 1000.
  • Pesta i trappen av Theodor Kittelsen. Pesta er ei lekamleggjering av Svartedauden.
    Pesta i trappen avTheodor Kittelsen.Pesta er ei lekamleggjering avSvartedauden.
  • Europakart med lekamleggjorte land frå 1870.
    Europakart med lekamleggjorte land frå 1870.
  • Tresnitt av Hiroshige II som viser lekamleggjeringar av Russland og Kina.
    Tresnitt avHiroshige II som viser lekamleggjeringar av Russland og Kina.
  • Lekamleggjering av mote frå 1913.
    Lekamleggjering avmote frå 1913.
  • Kvinne under Mardi Gras i New Orleans i 2007 utkledd som «den grøne fea», lekamleggjeringa av absint.
    Kvinne underMardi Gras iNew Orleans i 2007utkledd som «den grøne fea», lekamleggjeringa avabsint.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«personifikasjon» iStore norske leksikon, snl.no.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lekamleggjering&oldid=3205856»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp