Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Leiglending

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leiglending ellerbygselmann var ei nemning på einjordbrukar som leigdeskuldsett jord (eigedom) av ein jordeiegar. Fram til1700-talet var dei flestenorskebøndene leiglendingar.

Bonden skreiv som regel ei såkallabygselkontrakt med eigaren avgarden. Frå seinmellomalderen av var slike kontraktar ofte på livstid (om ein ikkje mislegheldt avtala), og kontrakten kunne i dei fleste høve gå iarv mot at ei ny kontrakt vart skriven med arvingen.

Plikter fylgde med leiglendingskontrakten, som at bygg på eigedomen skulle vedlikehaldast og ved nokre høve at ein skulle hjelpa til på jordeigaren sin gard om det trongst. Det var vanleg å betala ei årleg leiga, eilandskyld. Ei bygselkontrakt var òg gjeldande for leiglendingen sienkja. Om ho gifta seg opp att, måtte kontrakten skrivast på nytt med hennar mann.

Ein leiglending kunne i tillegg til å leiga jord òg eiga jord, ein kunne med andre ord vera bådesjølveigar og leiglending på ei og same tid. Frå1710 vart leiglendingar gjevneforkjøpsrett om jordeigaren ynskte å selja eigedomen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Steinar Imsen ogHarald Winge:Norsk historisk leksikon. Kultur og samfunn ca. 1500–ca. 1800 (2. utgåve, Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 1999)
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Leiglending&oldid=3110159»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp