Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Legering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eilegering er ein kombinasjon av to eller fleiregrunnstoff der minst eit skal vera eitmetall. Legeringar har metalliske eigenskapar. Ei legering av to grunnstoff vert kalla ei binær legering, er det tre grunnstoff vert ho kalla ternær og med fire kvarternær. Legeringar er vanlegvis utvikla for å få fram eigenskapar som er gunstigare enn i grunnstoffa. Til dømes erstål sterkare ennjern, medanmessing er meir slitesterkt ennkopar og har finare glans ennsink.

Medan reine metall vil ha eit klart definertsmeltepunkt, vil legeringar vanlegvis ha eit smelteområde der materialet er ei blanding av fast og flytande fase.Temperaturen der smeltinga startar vert kallasolidus og temperaturen der smeltinga er komplett vert kallaliquidus. I nokre tilfelle kan ein ha legeringar med eit definert smeltepunkt, desse vert kallaeutektiske.

I enkelte tilfelle har ein eigne namn på legeringar, slik som foramalgam, messing ellerbronse. I andre tilfelle vil grunnmaterialet vera utgangspunkt for namnet, ein snakkar da omaluminiumlegeringar,sinklegeringar ellermagnesiumlegeringar.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Legering&oldid=3290684»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp