Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Leeds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leeds
by
Rådhuset i Leeds
Motto: Pro rege et lege - For king and the law[a]
Kallenamn: Knightsbridge of the North
Land England
Seremonielt grevskapWest Yorkshire
Areal551,7 km²
Folketal 536 280(2021)[1]
PostnummerLS
Retningsnummer0113
Kart
Leeds
53°47′51″N1°32′37″W / 53.7975°N 1.5436111111111°W /53.7975; -1.5436111111111
Wikimedia Commons: Leeds

Leeds er ein by iWest Yorkshire i den nordlege delen avEngland iStorbritannia. Byen har omkring 430 000 innbyggjarar medan storbyområdet (City of Leeds) har omkring 770 000 innbyggjarar. Leeds er kjernen i densameinte styresmakta City of Leeds, som òg inkluderer forstadeneCraven,Harrogate,Bradford,Selby,Calderdale,Kirklees,Wakefield ogBarnsley. ElvaAire renn gjennom byen.

Byen voks kraftig frå 1600-talet og framover, og overtok etterkvartYork si stilling som den dominerande byen i regionen. Dette var hovudsakleg på grunn av den veksandeullindustrien. I dag arbeider dei fleste i Leeds i service- og finanssektoren som er ein av dei største i landet. Det offisielle slagordet til byen erThe UK's Favourite City.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

I Leeds fanst det underromartida ein festning kallaCambodunum. Då Romarriket fall vart byen ein av del av det britiske kongeriketElmet. Seinare høyrde han òg tilDeira ogNorthumbria. Den første gongen ein sikkert kan seia at Leeds er nemnd er iDomesday Book. Byen unngjekk herjingane tilVilhelm erobraren, men fleire av dei omkringliggande byane vart lagde i ruinar.

I mellomalderen var Leeds ein marknadsby for jordbruksprodukt. Han fekk bystatus i 1207. Byen vart delvis industrialisert på 1300-talet då flamske innvandrarar starta ullforedling her. Industriveksten i byen auka ytterlegare medkanalsamband tilLiverpool i 1816 og jarnbanen i 1848.

Politikk

[endre |endre wikiteksten]
Styrande parti i bystyret
1842-1895Dei Liberale
1895-1904Dei Konservative
1904-1907Liberalar
Ingen parti hadde majoriteten, men i praksis styrte dei konservative
1928-1930Labour
1930-1933Dei konservative
1933-1935Labour
1935-1945Dei konservative
1945-1951Labour
1951-1953Dei konservative
1953-1967Labour
1967-1972Dei konservative
1972-1976Labour
1976-1980Dei konservative
1980-2004Labour
2004-Koalisjon avliberaldemokratar, konservative ogdei grøne

1800-talet var Leeds eit sterktliberalt feste, men som i det øvrige Storbritannia byrjaLabour å erstatte dei liberale som hovudkonkurrenten tildei konservative på byrjinga av 1900-talet. Dei politiske skiljelinjene mellom partia har ofte vore mindre i Leeds enn på riksplanet.

Bystyret består av 99 mandat. Byen er inndelt i 33 valkretsar der dei tre kandidatane som får flest stemmar får mandatet. Sidan lokalvalet i 2004 styrer ein allianse avliberaldemokratane, dei konservative ogdei grøne.

Det konservative partiet står sterkast i den nordlege delen av Leeds, med unntak av Moortown. Moortown var ved det siste valet, liksom dei studenttette områda nærare sentrum og dessutan Rothwell i det sørlege Leeds, det sterkaste festet til liberaldemokratane.Morley Borough Independents tok, logisk nok, alle av mandata sine iMorley, der dei vart dei einaste som tok mandat. Dei grøne tok alle av mandata sine i valkretsenFarnley and Wortley der dei tok alle mandat. I dei øvrige delane av byen vann Labour.

Med unntak av ein periode underDen engelske borgarkrigen vart ikkje Leeds representert i parlamentet før parlamentsreformen1832. For val til det britiske parlamentet er byen delt opp i åtte valkretser:Leeds West, Leeds Central, Leeds North West, Leeds North East, Leeds East, Elmet, Morley and Rothwell ogPudsey.

Sju av åtte parlamentsrepresentantar frå byen høyrer til Labour:John Battle (Leeds West),Hilary Benn (Leeds Central),Fabian Hamilton (Leeds North East),George Mudie (Leeds East),Colin Burgon (Elmet),Colin Challen (Morley and Rothwell) ogPaul Truswell (Pudsey). Den einaste representanten for eit anna parti erGreg Mulholland (Leeds North West), som representerer liberaldemokratane. I mange år var alle parlamentsrepresentanter frå Labour. Historisk sett har alle valkretser med unntak avNorth East ogNorth West vore labourdominert, medan i dei seinare åra har vanlegvis det konservative partiet teke desse.

Rådhuset, bygt 1858

Busetnad

[endre |endre wikiteksten]
Holborn Tower er eit avhøghusa som finst spreitt utover byen og som skil seg frå den elles ganske låge busetnaden.

Bykjernen blir prega av moderne busetnad og omfattande nybygging. Byen er kjend for sine mangekjøpesenter, dei fleste rett austom jernbanestasjonen. Kjøpesentera vart bygd på slutten av 1800-talet, og har seinare vorte til nye store shoppingkompleks.

I aust-vestleg retning gjennom sentrum går gataHeadrow og i nord-sørlegBriggate. Desse kan seiast å utgjere hovudgatene i byen. Både Headrow og Briggate har lege der frå gamalt av. Briggate vart bygd på 1200-talet, medan Headrow vart bygd på 1500-talet.

Bytorget ligg i sentrum, like ved jernbanestasjonen, og vart bygd på byrjinga av 1900-talet. I den nordlege delen av sentrum ligg rådhuset, teikna avCuthbert Brodrick og innvigd i 1858 avdronning Victoria, og dessutan folkets hus, teikna avVincent Harris og innvigd i 1933. Ein del avLeeds Metropolitan University ligg òg her. Rett nord for sentrum liggUniversity of Leeds, og rett nord for dette igjen liggHyde Park, ein park som når vêret tillèt det, ofte er full av studentar. Rett sør for sentrum, iBeeston liggElland Road, heimebanen tilLeeds United.

I alle retningar ut frå sentrum breier bustadområda seg ut. Vanlegvis er desse bygd opp av rekkehus i typisk engelsk stil, medan det i dei ytre delane av byen endå finst ein mykje villabusetnad. Fleire størrehøghus finst òg spreitt rundt om i byen. Dei fleste av bydelane har sitt eige shoppingstrøk og det finst fleire større shoppingkompleks, slik som f.eks iSeacroft.

I den nordaustlege delen av Leeds liggRoundhay Park, ein stor park innkjøpt av byen på slutten av 1800-talet.

Vest og sør finst det fleire byar som er meir eller mindre samanvoksen med Leeds; blant annaYeadon,Morley ogRothwell.

Det finst tre større sjukehus i byen,Leeds General Infirmary,St James's University Hospital ogSeacroft Hospital.

Bydelar

[endre |endre wikiteksten]
Hyde Park, ein relativt sentralt bydel i Leeds

Folkesetnad

[endre |endre wikiteksten]

Byen er relativt typisk for Storbritannia i både etnisk og religiøs samanheng. Dei største minioritetsgruppene er pakistanarar (2,1 %), indarar (1,7 %), øvrige kvite (1,5 %) og irlendarar (1,2 %).

I samband medden industrielle revolusjonen skjedde det ein stor innflytting til byen. På 1800-talet flytta blant anna irar og jødar til byen, dei sistnemnde som flyktningar fråpogromar i Aust-Europa.

Av folkesetnaden er 25,5 % under 20 år, 30,5 % mellom 20 og 39 år, 24,1 % mellom 40 og 59 år, 8,9 % mellom 60 og 79 år og 11,0 % over 80 år. Folkesetnadsfordelinga i alderssamanheng er typisk for Storbritannia, med unntak av at delen på rundt 20 år og noko eldre er større på grunn av dei mange studentane.Forventa levealder i Leeds er 80,7 år for kvinner og 75,5 år for menn.

Frå byen skjer det ein nettoutflytting til dei omliggande byane, til ein del kystbyar og dessutan til London. Utflyttninga til omliggande byar skjer primært fordi høva til å pendle har vorte kraftig forbetra, medan utflyttinga til kysten hovudsakleg skuldast pensjonistar som flyttar ut. Utflyttinga til London blir skuldast nok dei mange med høgtløna jobbar som finst der og som ikkje finst i Leeds. Frå øvrige delar av landet skjer ei nettoinnflytting, hovudsakleg fordi byen har vore i stor økonomisk vekst.

Dei nordlege delane av byen dominerast av rike personar og ein del eldre menneske. Dei vestlege og sørvestlege delane blir dominert av den kvite arbeidarklassen. I områda rett vest for sentrum utgjer studentane den største delen. Områda rett nord for sentrum har den største ikkje-britiske folkesetnaden.

Religion

[endre |endre wikiteksten]

Med tanke på religiøs tilhøyrsle er fordelinga slik: 68,8 % kristen, 16,8 % ikkje-religiøse, 3,0 % muslimar, 1,2 % jødar og 1,1 % sikhar. I byen finst det, omfram mange kyrkjer, firesynagoger, firemoskéar og tre sikhtempel.

Sidan 1878 har Leeds hatt eit katolskbispesete.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]
Føretak med over 1000 tilsette i Leeds (2004)
Leeds rådhusBritish Library
NHSCentrica
BTGE Capital
BUPALeeds City Link
Direct Line GroupMoores Furniture Group
First DirectPricewaterhouseCoopers
HalifaxReality Group
Leeds Metropolitan UniversityVentura
University of LeedsYorkshire Bank
Royal MailYorkshire Post Newspapers
ASDAYorkshire Power
Føretak med feit skrift har over 2000 tilsette

Leeds hadde i 1998 einBNP på 9,7 milliardar pund (tilsvarande drygt 100 milliardar kroner). Byen er kjend for det varierande næringslivet sitt. Det finst drygt 17 000 momsregistrerte føretak i byen. I Leeds finst den nest største produksjonsindustrien utanfor London, det same gjer den største pressebransjen og den tredje største finanssektoren. Nærare 100 000 personar arbeider innan offentleg sektor. Fordelinga mellom dei ulike sektorane skil seg ikkje i noka større grad frå det britiske gjennomsnittet.

Kommunen har ein omsetnad på rundt ein milliard pund og har ca. 35 000 tilsette.

Infrastruktur

[endre |endre wikiteksten]

Leeds har verkentunnelbane ellertrikk, noko som er uvanleg for ein by på denne storleiken. Det finst endå planar om å gjeninnføre trikkedrifta. Det planlagde trikkenettet kjem til å innehalde tre linjer,Sør,Nord ogAust og strekkje seg ut til utkantane av byen. Bussnettet i Leeds er omfattande med over hundre ulike linjer. Heilt nordvest i byen liggLeeds Bradford International Airport, som òg tenerBradford. Sentralstasjonen har ei sentral plassering. Utover denne finst det omkring ti mindre stasjonar i byen.MotorveganeM1 ogM62 knyter Leeds tilSheffield ogLondon og tilLiverpool,Manchester ogHull. Talet på personar som pendlar til byen er på ca. 80 000.

Leeds har retningsnummer0113 og postadresser i Leeds byrjar medLS.

Media

[endre |endre wikiteksten]

I Leeds finst lokalaviseneYorkshire Evening Post ogYorkshire Post som begge er eigd avJohnston Press. BådeBBC ogITV/Yorkshire Television harTV-studio i byen. Det finst òg fleire radiostasjonar i byen:BBC Radio Leeds,Radio Aire,Magic 828,Galaxy 105 ogReal Radio.

Utdanning

[endre |endre wikiteksten]
Leeds Metropolitan University

Leeds har to universitet,University of Leeds med 28 000 studentar ogLeeds Metropolitan University med 26 000 studentar; totalt bur ca. 70 000 studentar i byen. Leeds Metropolitan University har først og fremstYorkshire ogLancashire som sine opptaksområde, medan University of Leeds i større grad har studentar frå heile landet. Utover desse harOpen University sitt regionkontor i byen. Open University er eit statleg universitet basert påfjernundervisning.

Det finst nicollege i byen:Leeds College of Art & Designar,Leeds College of Building,Leeds College of Music,Joseph Priestley College,Northern School of Contemporary Dance,Notre Dame Sixth Form College,Park Lane College,The Leeds College of Technology ogThomas Danby College.Leeds College of Technology har 5 000 studentar og har i all hovudsak yrkesrelaterte studium.

På tilsvarande gymnasnivå finnast blant annaLeeds Grammar School, oppretta 6. mars 1547. Det finst totalt 294 offentlege skular i Leeds (2003). Utdanningsgraden til folkesetnaden ligg på nivå med gjennomsnittet for landet.

Geologi, klima og miljø

[endre |endre wikiteksten]

Leeds har, slik som resten Storbritannia, eit meir utprega kystklima ennSverige ogFinland. Vintertid er det noko varmare enn i Sør-Noreg og langt varmare enn i Nord-Noreg. Om sommaren er det stort sett like varmt eller noko mildare enn største delen av Noreg.

Brorparten av Leeds ligg på kolager fråkarbontida då det voksregnskog på plassen. Rett nord for byen bestårberggrunnen avsandstein ogskifer og austom byen erkalkstein dominerande.

Mengda dagar med mellomstore eller høge verdiar av forureining er veldig lik med gjennomsnittet av britiske byar. Det finst mest svevestøv rundt sentrum, Beeston, Richmond Hill og Hunslet, der det er rundt 40mikro;g/m³, medan i utkanten av byen ligg det på rundt 30 mikro;g/m³.

Vêrdata for Leeds Bradford, extremes 1985–2003
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C14,317,521,226,128,531,731,134,428,224,517,315,334,4
Gjennomsnittleg maks °C5,85,98,711,31518,219,919,917,313,48,86,712,6
Døgnmiddeltemperatur °C3,13,15,27,210,313,415,215,2139,95,948,8
Gjennomsnittleg min °C0,30,21,63,15,58,510,410,58,76,32,91,24,9
Lågast målte °C−7,9−8,5−6,5−2,10,32,56,45,52,1−3,5−5,5−7,9−8,5
Gjennomsnittlegnedbør mm614552485454516557555761660
Gns. nedbørsdagar17,514,214,813,513,712,211,713,212,915,116,517172,3
Kjelde:[2][3][4]

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Uteliv

[endre |endre wikiteksten]

Byen er kjend for det omfattande nattlivet med mange nattklubbar, mykje pga alle studentane her. Nattklubbane har ofte eit kort livslengd og dekadente namn. «Hanna og Dea» heiter ein av mange nattklubbar som er populær blant ungdomar.

Kulturliv

[endre |endre wikiteksten]

I byen finstLeeds Grand Theatre, som er ein storoperascene. The Henry Moore Institute inneheld både sentralbiblioteket og eit galleri. Forutan hovudbiblioteket finn sin det omkring 50 lokale bibliotek i dei ulike bydelane og forstadene.

Musikk

[endre |endre wikiteksten]

I likskap med andre britiske byar på same storleik har Leeds hatt fleire artistar som har slått igjennom internasjonalt. Blant dei som har lukkast erChumbawamba,Melanie Brown (Spice Girls) ogThe Sisters of Mercy.

I august kvart år blirLeeds Festival halden iBramham Park austom byen.

Idrett

[endre |endre wikiteksten]

Dei store idrettane i Leeds er dei same som i Storbritannia som heilskap;fotball,rugby ogcricket.

FotballlagetLeeds United spelar påElland Road og har tidvis hatt mange store periodar. Laget vann den engelske ligaen 1968/69, 1973/74 og 1991/92. Dei nådde semifinalen iChampions League i 2001. Ein økonomisk og sportsleg nedtur på 2000-talet førte til nedrykk, først tilThe Championship i 2004 og deretter til det tredje nivået i ligasystemet,League One i 2007. Etter tre sesongar der klarte klubben i mai 2010 å rykke opp att til The Championship.

Desto betre har det gått forrugbylagetLeeds Rhinos som vannSyp League for første gongen i2004 ogWorld Club Challenge i 2005. Dei spelar den varianten av rugby som blir kallarubgy league og har relativt avgrensa internasjonal utbreiing. Det andre rugbylaget,Leeds Tykes spelar den internasjonelt meir populære variantenrugby union og høyrer til botnsiktet i den øvste ligaen. Laga deler både eige og stadion. Dei felles stadiona deira ligg iHeadingley.

Det finst fleire golfbanar rundt byen. På ein av desse,Moortown Golf Club, vart det speltRyder Cup i1929. IWetherby, rett nordaust av byen ligg ein kjend travbane.

Leeds International Pool vart opna i1967 med høge ambisjonar, men han har ikkje vorte vedlikehalde i nok grad slik at det no har vorte avgjort at det skal byggjast eit nytt basseng. Det nye bassenget kjem til å utgjere ein del avSouth Leeds Stadium som òg kjem til å innehalde ein rugbybane, friidretts- og tennisbanar, og dessutan høve for å speleboule.

Vinterstid er det vanleg å sette opp ein skøytebane på torget ved rådhuset.

Museum og attraksjonar

[endre |endre wikiteksten]

Blant dei historiske attraksjonane i byen finstKirkstall Abbey, ein klosterruin med anar frå1100-talet ogTemple Newsam, tidlegare eigd avtempelriddarar. Frå byrjinga av den industrielle revolusjonen finstArmley Mills, tidlegare den største ullfabrikken i verda, no eit museum, ogMiddleton Railway, ein ca. 250 år gammal jarnbane.Leeds City Museum handlar om historia til Yorkshire.

Sidan 1996 harRoyal Armouries hatt eit museum i byen, med ei stor samling av rustningar og anna krigsutrustning frå store delar av verda.

Det finst òg fleire lokalhistoriske museum som kvar gjenspeglar si eiga lokalhistorie, blant anna iHorsforth ogOtley. IRoundhay Park finst eit tropisk senter.

Venskapsbyar

[endre |endre wikiteksten]

Merknadar

[endre |endre wikiteksten]
  1. For konge og rett

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3https://www.ons.gov.uk/peoplepopulationandcommunity/populationandmigration/populationestimates/datasets/populationestimatesforukenglandandwalesscotlandandnorthernireland.
  2. «Leeds average weather data.».worldweather.wmo.int. Arkivert fråoriginalen 21 January 2016. Henta14 November 2010. 
  3. «Average weather statistics for Leeds».www.world-climates.com. February 2011. Arkivert fråoriginalen 7 November 2016. Henta26 May 2011. 
  4. «Climate Leeds Weather Ctr: Climate data 1986 – 2003». Tutiempo.net. Arkivert fråoriginalen 14 October 2013. Henta28 April 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Reiseguide forLeeds frå Wikivoyage
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Leeds&oldid=3559763»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp