Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lauv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauv ognøtter frå eiteiketre.
Ei av dei ørsmå spalteopningane i eittomatblad synt som eit fargelagt fotografi frå eitelektronmikroskop.

Lauv,lauvsblad ellerlauvblad er ibotanisk meinig dei flate og meir eller mindre tynne blada pålauvtre,buskar ellerplanter.

Farge og funksjonar

[endre |endre wikiteksten]

Lauvet er som oftast grønt av di fargen i det dominerast avkloroplastar som syter forfotosyntesen, det vil seie den prosessen som som går føre seg i lauvet ved atenergien i solljoset nyttast til å produsereglukose avvatn ogkarbondioksid. Lauvet fungerer òg som hovudorgan for fordampinga av vatn og utvekslinga av gassar frå plantene eller trea til lufta ikring. Lauvet har ørsmå, usynlege opningar i seg, spalteopningar, som det vanlegvis finst flest av på undersida, og som er slik tillaga at dei opnast og lukkast ved hjelp av det indre væsketrykket ettersom kor mykje fukt det er i lufta kring treet eller planta, rørslene i vatnet i treet eller planta og kor mykje vatn treet eller planta kan take opp frå jorda. Det tek om lag 15 minutt å opne eller lukke spalteopningane. Fordampinga av vatn frå lauvet er nyttig av di dette held spalteopningane opne, slik at lauvet kan take inn den mengda av karbondioksid frå lufta som trengst for å halde fotosyntesen i gang.

Eit lauv eller lauvblad har ei bladplate som er festa til stengelen på planta eller kvisten på treet ved hjelp avbladstilken ogbladfoten, den nedste parten av bladstilken. Hjågras ogskjermplantane er bladfoten forma som eit slags hylster, ei slire, og hjåvier ogerteplantar som små bi-blad, kalla øyreblad. Bladplata er vanlegvis flat og tynn, og kan vere lik på båe sider, såkallaisolaterale blad, som til dømes hjå gras ogliljer, eller over- og undersida kan vere ulike, såkalladorsiventrale blad, som på dei flestetofrøblada plantene.

Mange tre og planterfeller lauvet og går inn i ei kvileperiode ei tid av året, i til dømes iNoreg i haust- og vintertida, då det ikkje er nok ljos, vatn og varme til å halde prosessane i trea eller plantene i gang på optimalt vis. Nytt lauv veks deretter ut att når tilhøva har vorte gunstigare, i Noreg om våren eller tidleg på sommaren.

Blad som ikkje er lauv

[endre |endre wikiteksten]

I tillegg til lauvet har tre og plantar òg andre former for blad, ofte i andre fargar enn grønt. Desse ymse typane blad har spesialiserte funksjonar og er gjerne svært omdanna, og vert difor ikkje rekna som lauv, men har sine eigne nemningar. Døme på dette er bladtorner, lågblad (ufullstendig utvikla, skjellforma blad på knoppar eller på underjordiske rotstenglar),høgblad,blomeblad (kron- og begerblada påblomar), fruktblad (blad som ber frøemna i blomene), pollenblad (mjølberar eller støvberar, som produserer og ber pollen, blomemjøl, altså sædcellene), eller frøblad (dei aller fyrste blada som gror ut av frøa til frøplantane).

Anna bruk av ordet lauv

[endre |endre wikiteksten]

Ordetlauv vert òg nytta om ornament og vedheng som er kjenneteikna ved å vere forma som eit slags lauv, til dømes påsøljer og andre smykke.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lauv&oldid=3256374»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp