Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Laurbær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laurbær
Laurbær
Laurbær
Status
Status i verda:LCLivskraftig
Systematikk
Rike:PlanteriketPlantae
Rekkje:KarplantarTracheophytes
Underrekkje:FrøplantarSpermatophytes
Orden:Laurales
Familie:LaurbærfamilienLauraceae
Slekt:LaurbærslektaLaurus
Art:LaurbærL. nobilis
Vitskapleg namn
Laurus nobilis

Laurbær (Laurus nobilis) er eiteviggrønt, mellomhøgttre ilaurbærslekta som veks imiddelhavslanda.

Skildring

[endre |endre wikiteksten]
Blomar og blad.
Laurbærtre

Laurbærtreet blir normalt 2,5 meter høgt, men kan bli opptil 20 meter. Blada er blanke og glinsande på oversida og matte på undersida. Dei har ein sterk aroma.

Treet blomstrar i mars og april med små grønguleblomar som sit fleire saman i bladhjørna. Dei har ein søtleg aroma. Bæra er avlange og blåsvarte og inneheld eitt frø kvar.

Bruk

[endre |endre wikiteksten]

Treet blir brukt somprydplante, ofte ved inngangsparti, nokre gonger også innandørs.

Tørka laurbærblad.

Dei grøne blada til treet kan haustast og brukast somkrydder. Smaksmessig passar laurbærblad mellom anna til kokt og steiktfisk,oksekjøt ogbønner. Laurbærfuktene blir også hausta og kan mellom anna brukast tilolje.

Laurbærblad har i fleire tusenår ikkje berre vore brukt til matlaging, men også som eit symbol på siger, herskarar og gudar. Det latinske namnetnobilis, 'adeleg' eller 'fornem', viser til dette. Iantikken bleilaurbærkransar brukt som teikn påsiger. Ein slik bruk er også overført til moderne tid, til dømes i heraldiske symbol somriksvåpen og i nokrenasjonalflagg.

Laurel Branch (1900) avWilliam-Adolphe Bouguereau.

Symbolikk

[endre |endre wikiteksten]

Laurbær var eit symbol for den greske gudenApollo. I følgje gresk mytologi blei det første laurbærtreet skapt av nymfaDafne då ho rømde frå Apollo. Ettersom Apollo var vernar fordei pythiske leikane blei vinnarar her krona med laurbærkransar.Romarane brukte også laurbærkransar som symbol for siger, då særleg militær siger.

I Bibelen er laurbær eit symbol på heider og rikdom. I kristen tradisjon er planten eit symbol på gjenoppståinga tilKristus.

Etter kinesisk tradisjon veks det eit stort laurbærtre påmånen.Wu Gang, ein døyeleg mann som vanskjøtta arbeidet sitt fordi han drøymde om å bli udøyeleg, blei sett til å fella treet av gudane. Dette viste seg å vera umogleg ettersom treet grodde til så snart ein sette øksa i det.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«laurbær» iStore norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Laurbær
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon omLaurus nobilis
Viltveksande
Dyrka
Basilikum  •Estragon  •Graslauk  •Karse  •Kamille  •Kjørvel  •Laurbær  •Løpstikke  •Merian  •Bergmynte (Oregano)  •Peparrot  •Persille  •Rosmarin  •Sitronmelisse  •Sjalottlauk  •Salvie  •Sar  •Timian
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Laurbær&oldid=3324130»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp