Lattakia (arabisk اللَاذِقِيَّة,al-Lādhiqīyah) er den største hamnebyen iSyria, i tillegg til å vere hovudstaden iLattakia guvernement. Byen er i tillegg til hamneby eit senter for dei kringliggande jordbruksbyane og landsbyane. Ifølgje folketeljinga i 2004 er folketalet i byen 383 786.[1][2] Han er den femte største byen i Syria etterAleppo,Damaskus,Homs ogHama, og grensar tilTartus i sør,Hama i aust, ogIdlib i nord.
Som mange selevkidebyar vart Lattakia kalla opp etter ein herskar i dynastiet.[3] Han fekk første namnetLaodikea (gresk Λαοδίκεια ἡ Πάραλος, som òg vert skriveLaodikeia ellerLaodikeia), avSelevkos I Nikator til ære for mora si,Laodike. Det originale namnet overlevde i denarabiske forma somal-Ladhiqiyyah (arabisk اللاذقية), som det franskefranskeLattaquié og internasjonaleLatakia ellerLattakia kjem frå.[3][4] Osmanarane kalla byentyrkiskLazkiye, medan det latinske namnet erlatinskLaodikea ad Mare.
Staden der Lattakia ligg, på nesetRas Ziyarah[5][6] har vore busett i lang tid. Denfønikiske byenRamitha låg her, som av grekarane vart kalla Leukê Aktê, «kvitekysten». Ramitha er datert attende til minst 1000-talet fvt. og var ein del av kongedømetUgarit som låg litt lenger nord. Etter kvart som makta til Ugarit forsvann mot slutten av 1000-talet fvt, gjorde den gode hamna at Ramitha vart meir viktig.[4]
Etter Aleksander den store døydde i 323 fvt., fall Nord-Syria underSelevkos I Nikator sin kontroll. Han grunnla byen Laodikea, ein av fem byar kalla opp etter mor si,Laodike. Laodikea vart eit hovudsenter forgresk kultur og ein av dei nye hovudkvartera forsatrapen. Han var hovudhamna forApamea, som han hadde vegsamband til overAlawifjella. Laodikaea vart ei viktig hamn, den nest viktigaste etterSelevkia Pieria.[4] Han danna eintetrapolis, medAntiokia, Selevkia Pieria og Apamea, og desse fire byane i selevkidane sitt Syria vart knytte saman i ein union kallasyrisk tetrapolis.[7]
Han er ein vakker by, med ei god hamn, og eit område som har rike avlingar og mykje vin. I dag vert det meste av vinen sendt til alexandreiarane, sidan heile fjellet som ligg oppom byen er dekte av vinrankar nesten heilt til toppen. Toppane ligg langt frå Laodikea, og heller slakt opp frå byen, men tårnar over Apameia, der dei stig bratt opp.
I 64 fvt., avskaffa denromerske legatenPompeius formeltSelevkideriket og skapte den nyeromerske provinsenSyria. Under maktkampen mellomAugustus ogMarcus Antonius, klarte sistnemnte å vinen støtte frå Laodikea under det korte styret hans av Syria ved å gje etter somme skattar og love sjølvstyre. Etter nederlaget til Marcus Antonius, endra romarane namnet på Laodikea tilLaodikea-ad-Mare, og byen blømde igjen som eitransitthamn for handel mellom aust og vest, og hadde berreAntiokia over seg på rangstigen. Denne handelen vart systematisert ved å byggeVia Maris, ein kystveg som gjekk frå Antiokia tilDamaskus ogBeirut via Laodikea.[7] I det første hundreåret fvt., gavHerodes den store, kongen avJudea, byen einakvedukt, og restane av denne står framleis aust for byen. I starten sette romarane ut firelegionar i Syria, og ein av desse,Legio VI Ferrata, var truleg plassert i Laodikea.[9]
I 193 evt. vart byen plyndra av guvernøren av Syria,Pescennius Niger, i opprøret hans mot den nye keisaren,Septimius Severus. I 194 omorganiserte Septimius Severus Syria inn i fem nye provinsar. Ein av desse,Koilesyria, inkluderte heile det nordlege Syria og hadde ei kort stund hovudstaden i Laodikea før han vart flytta til Antiokia. Septimius Severus rekna Antiokia for å vere meir degenerert enn Laodikea, og prøvde å straffe Antiokia for å ha støtta opprøret til rivalen Pescennius Niger.[9]
Septimius Severus gav Laodikea firesøylegangsgater som delte byen i ei rekkje rektangel. Romerske Laodikea var basert på byplanen til selevkidane og vart lagt ut langs ein vertikal akse som strekte seg 1,5-2 kilometer frå nord til sør, og knytte sentrum av byen til den nordlege vegen til Antiokia, og dannacardus maximus (hovudhandelsgata). Aust-vest-aksen bestod av tre hovudgater: den første knytte hamna til festninga, den andre knytte hamna til Apamea-vegen og den tredje knytte hamna til ein monumental firevegs boge, eller tetrapyl, somv art reist over krysset med den nord-sørgåande søylegangsgata.[9] Septimius bygde òg bad, eit teater, einhippodrom, fleire heilagdomar og andre offentlege bygg i byen. Roma rekna Laodikea som ein særs viktig hamneby i den høgt skatta provinsen Syria.[10]
Gjennom 200- og 300-talet var Laodikea avhengig av Antiokia. I 272 vart byen erobra avZenobia, dronninga iDet palmyrenske riket, etter ho mislukkast i å ta Antiokia frå keisarAurelian. Etter opprøret i Antiokia i 378, fekk Laodikea ny gunst hos keisaren og nytte høg velstand fram tilbysantinsk tid. I 494 vart byen øydelagd i det første av ei rekkjejordskjelv. I 528 skapte keisarJustinianus I av Austromarriket den nye provinsenTheodorias av eit kystbelte kring Laodikea, og bygde opp att og forsterka byen mot den aukande persiske trugselen.[10] I 555 råka eit nytt kraftig jordskjelv Latakia.[treng kjelde]
Ein storjødisk folkesetnad budde i Laodikea i det første hundreåret. KjettarenApollinarius varbiskop i Laodikea på 300-talet. Byen prega myntar frå tidlege tider.
Laodikea fall tilRashidun-armeen i 638, under generalAbu Ubaida, som visstnok hadde grave grøfter kring byen slik at sjølv menn til hest kunne rykke fram umerka. Dei lata som om dei skulle trekkje seg attende tilHoms, men kom attende om natta og overraska innbyggjarane. Kristne som hadde drege frå byen fekk lov å vende heim att og forsette kyrkja si. Laodikea vart av muslimane kalla «al-Ladhiqiyah» eller «Latakia»,[10] ogUmar ibn al-Khattab, den regjerande kalifen då han vert erobra, la han underJund Hims.[11]
Under styret tilumajjadane vart byen øydelagd av eitbysantinsk raid i 705 og igjen i 719, då einbysantinsk styrke støtta av ein flåte brende ned byen og tok mange av innbyggjarane som fangar. Reparasjonar og gjenoppbyggingar av bygningane og festningsverka vart starta av kalifenUmar II, som òg betalte løysepengar for innbyggjarane til bysantinarane. Etterfølgjaren hans,Yazid II, betra festningsverka og forsterka den muslimske garnisonen.[10]
Seint på 900-talet byrja bysantinarane, under keisarNikeforos II, å utnytte forvirringa og ustabiliteten mot slutten avabbaside-tida, og erobra delar av det islamske området. I 970 fall Latakia, men i 980 tokfatimidane byen attende og denbysantinske guvernøren Karmaruk, vart seinare halshogd iKairo. Til slutt, seint i hundreåret, fall han tiltyrkarane som var leia av Banu Munqidh avShaizar. Han avstod byen tilseldsjukkar-sultanMalik Shah I i 1086. Mange av dei flotte, offentlege byggverka i Lattakia var alt i ruinar på den tida.[10]
Dei første krosstoga nådde Syria i 1097, og den 19. august 1097, trengte 28 skip fråKypros underGuynemer av Boulogne inn i hamna i Lattakia, plyndra byen og gjorde han ein del avFyrstedømet Antiokia.[10] Under krosstoget, vart den sørlege hamna til Lattakia ogBaniyas gjeve tilRobert av Normandie ogRaymond av St. Gills. Nokre år seinare, i august 1099, kringsetteBohemond Lattakia med hjelp av flåten fråPisa leia av erkebiskopDaiberto Lanfranchi. I løpet av få månader vart Bohemond teken til fange avDanishmend. Sjå månader seinare tok nevøen hansTankred over trona og sette segl mot Lattakia igjen. Denne gongen fall byen til han i 1103 etter ei 18 månader lang omleiring.[10][12] Året etter, tvang einbysantinsk flåte under admiralKantakouzenos nok ein gong frankarane til å kapitulere, sjølv om bysantinarane ikkje klarte å ta festninga. Det var ikkje før i 1108 at frankarane klarte å få kontroll over byen. Med hjelp frå flåten i Pisa, erobra Tankred Lattakia etter at Bohemond hadde lova han til keisarAlexios I Komnenos som ein del avDevol-traktaten i 1108. For tenestene sine fekk folket frå Pisa ogGenova enklavar i byen, og rettar til å fri handel i hamna og fyrstedømet.[10]
Under frankarane vart Lattakia kalla «La Liche», og dekte eit område på 22 kvadratkilometer, og bestod av tre fråskilde område. Hamna, som opphavleg var ei open bukt med kaianlegg i marmor lagt der av romarane, vart verande eit viktig handelssenter. Sjølve byen, som tidlegare var kringsett av eit lukka festningsanlegg, var no borte. På to åsar stod to borger som ruva over byen. I krossfarartida hadde byen franske innbyggjarar, ein større muslimsk folkesetnad og eit stortgresk-ortodoks samfunn. To av kyrkjene deira står framleis, Jomfrukyrkja og St. Nikolaskyrkja.[10]
I 1126 vart byane Lattakia ogJableh ein del av medgifta til prinsesseAlice, dottera til kongBaldwin II av Jerusalem, som mislukkast i å prøve og halde på makta i Antiokia. Alice donerte seinare eit hus i byen til den kristneJohanittarordenen, som gjorde byen til hovudbasen sin i regionen.[10] I april 1126 raida emiren Sawar, som var guvernør iAleppo, og plyndra byen, og tok mange til fange og store mengder av skattane. Byen vart vidare øydelagd av jordskjelv i 1157 og 1170, i tillegg til åtak på hamna.[10]
Den 21. juli 1188 nåddeSaladin fram til murane i Lattakia og tvang fram ei kapitulering hos krossfararane to dagar seinare. På den tida hadde han vorte ein godt befesta og rik by. Saladin utpeikte emir Sunkur al-Kilati som guvernør og gav byen ein sterk muslimsk garnison.Guy de Lusignan, kongen i Jerusalem som vart teken til fange islaget ved Hattin, sat visstnok fanga i Lattakia for løysepengar.[13] I august 1190 hadde Saladin rive ned hamna for å hindre at han vart erobra igjen avdet tredje krosstoget. Etter eit mislukka forsøk, klarteBohemond II å ta byen for ei kort stund i 1197, men trekte seg attende etter kort tid. Igjen under muslimsk kontroll, vart byen bygd opp att og festninga restaurert. Frankarane i Tripoli ogJohanittarordenen prøvde fleire gonger å angripe byen, men mislukkast. Tidleg på 1200-talet vart ein stormoské, Masjid al-Kabir, bygd.[13]
I 1207 fekk det storevenetianske samfunnet handelskonsesjon frå den muslimske guvernøren. Avtalen varte derimot ikkje lenge. I desember 1223 øydela ein arme frå Aleppo, i frykt fordet femte krosstoget, alle forsvarsverka og tok festninga frå kvarandre. Den arabiske geografenYaqut al-Hamawi skreiv at Lattakia underAjjubide-dynastiet var «ein gammalgresk by, med mange antikke bygningar, og har fine område, og ei glimrande hamn.» Han nemnte òg at byen var tidlegare ein del av Jund Hims, men at han i 1225 høyrte til Aleppo-distriktet.[14] Med den førstemongolinvasjonen og dåmamelukkane tok over makta, tokBohemond VI byen og gav halve byen tilJohanittarordenen som takk for å ha hjelpt til under erobringa.Genuesarane vart så gjenoppretta i byen på kostnad av venetianarane.[13]
Etter fallet tilFyrstedømet Antiokia i 1268 signerte mamelukkane under sultanBaibars og kong Hugo III av Antiokia ein avtale om Lattakia. Avtalen, som vart signert 4. juli 1275, gjorde at byen fekk fridom frå muslimane mot at dei betalte ein årleg skatt. Lattakia var no ein avstumpa enklave for krossfararane og hadde mista statusen sin som viktig by, medan andre hamnebyar somTripoli ogAlexandria, utvikla seg.[13]
Baybars vart tvinga til å overgje Lattakia til emir Sunkur av Damaskus den 24. juli 1281. Baibars fekk kontroll att over byen etter fallet til Sunkur. I 1287 råka eit jordskjelv byen og skapte store øydeleggingar på festningsverka, og øydela Duetårnet, Kaitårnet og fyret. SultanenQalawun, som alt hadde erobra den store JohanittarborgaMargat, utnytta situasjonen og sende emiren Turuntay for å angripe byen. Den 20. april 1287 fall Lattakia til Turuntay.[13]
Kring 1300 skreiv den arabiske geografen al-Dimashqi at det ikkje var rennande vatn i Lattakia og det var lite med tre, men at hamna i byen var «vedunderleg... full av store skip».[15] Lattakia heldt fram å lide under konstant krigføring og plyndrarar. Han vart angripen og brend igjen i 1366 avPeter I av Kypros. Mykje av byen var i ruinar og hadde færre innbyggjarar enn rivalbyane Tripoli og Beirut, og hamna var i dårleg stand i 1450.[13] I 1332 vitja den marokkanske reisandeIbn Battuta Latakia på reisene sine.[16]
Ei gruppe kvilandealawittiske musikarar frå Lattakia, 1920-åra
Lattakia kom underosmansk kontroll etter 1516 og vart ein del avOsmansk Syria. Byen heldt fram nedgangen og midt på 1500-talet hadde byen vorte ein liten avhengig landsby. I osmansk tid var Lattakia kjend for bomull, oliven, valnøtter, morbærtre og vindruer.[13]
Tidleg på 1700-talet vart Lattakia styrt av Yasin Bey og var ein del av Tripoli sanjak, men eit stort opprør i byen førte til at han og familien hans vart fjerna frå makta. Ein ny moské, Masjid al-Jadid, vart reist av den osmanske guvernøren i Damaskus mellom 1733 og 1743. I 1810 og 1823 førte jordskjelv nok ein gong til store øydeleggingar i byen og andre kystområde i Syria.[13]
Trass i at han ikkje lenger var ein viktig by, var hamna framleis særs aktiv og verdifull. Hamna tok imot meir enn 100 skip i året i 1835, men sjølve hamna mudra til og kunne berre ta imot fire eller seks små båtar. Mot slutten av 1800-talet, tok ho imot kring 120 dampskip og kring 570 seglfartøy kvart år, men dei fleste kunne berre ankre opp utanfor sjølve hamna.[13] I 1888, då Beirutwilayat vart oppretta, vart Latakia den nordlegaste byen i denne provinsen.[17]
I den osmanske tida var regionen Lattakia hovudsaklegalawittisk. Sjølve byen hadde store mengdersunniar og kristne innbyggjarar. Landeigarane var som regel sunni, medan bøndene stort sett var alawittar. Som meddrusarane, som òg hadde ein spesiell status før slutten av denfyrste verdskrigen, hadde alawittane eit spent forhold til dei osmanske overherrane. Faktisk fekk dei ikkje ein gong status sommillet, sjølv om dei var relativt sjølvstyrte.[18]
På byrjinga av 1900-talet var Lattakia ein liten by med 7 000 innbyggjarar, styrt frå Beirut. Etter nederlaget til Det osmanske riket ifyrste verdskrigen, hamna byen underdet franske mandatet som vart oppretta den 31. august 1920. Lattakia vart hovudstaden i det sjølvstyrte området til alawittane, med eit styre som var underlagt fransk administrasjon. I 1922 vart dette området, som bestod av Lattakia ogTartus,Alawittarstaten. Franskmennene ordna opp hamnefasilitetane og bygde opp att den sørlege og nordlege moloen og mudra opp hamna frå to til seks meter.[13]
I desember 1924 annonserte den franske generalenMaxime Weygand utskiljinga av Alawittarstaten, som vart erklært sjølvstendig i 1925. I 1930 vart ei grunnlov skriven av regjeringa i Lattakia, og i 1931 hadde folketalet i Lattakia stige til 20 000. I 1932 vart det lagt fram planar om ei ny djupvasshamn.[13]
Styret i Lattakia vart innelemma i Syria i 1936, men drog nytte av ein spesiell adminsitrasjon under styresmakta til den syriske regjeringa.[13] Same året fekk franskmennene løyve til å stasjonere soldatar i Lattakia for fem nye år. Med tapet av hamnene iAlexandretta ogAntiokia tilTyrkia i 1939, vart Lattakia hovudhamna i Syria, og det var ingen andre alternativ enn å utbetre hamnefasilitetane.[19]
I 1939 vart Lattakia igjen hovudstaden i det sjølvstyrte området til alawittane, og var nok ein gong skild frå Syria, men vart innlemma att i juni 1944 etter Syria erklærte sjølvstende, noko som vart stadfesta i 1947.[19]
Det vart lagt planar om eit omfattande hamneprosjekt i 1948 og bygginga byrja i 1950, med støtte på 6 millionar dollar fråSaudi-Arabia. I 1951 var det første stadiet i bygginga ferdig, og stadig meir av eksporten frå Syria gjekk gjennom hamna.
Ein stor motorveg mellom Lattakia og Aleppo ogEufratdalen opna i 1968 i tillegg til ei jernbanelinje tilHoms. Hamna vart enno viktigare etter 1975 på grunn av den vanskelege situasjonen i Libanon og tapet av Beirut og Tripoli som hamner.[19] I 1971 handsama hamna 1 630 000 tonn med last. I 1970-åra vart hamna utvida og i 1981 handsama han 3 593 000 tonn med importerte varer og 759 000 tonn eksportvarer.[22]
I 1973, underoktoberkrigen (Jom Kippur-krigen), vartslaget ved Lattakia mellomIsrael og Syria utkjempa i havet like utanfor Lattakia. slaget var det første som vart utkjempa ved hjelp avmissil ogECM (elektronisk mottrekk).[23]
Underden syriske borgarkrigen vart byen visstnok angripen av opprørarar den 14. august 2011. Aktivistar hevda at 25 menneske omkom i dette åtaket.[24]
Det største russiske utanlandske elektroniske lytteanlegget ligg i Lattakia.[25]
Lattakia er hovudstaden iLattakia guvernement, vest i Syria, nær grensa til Tyrkia i nord. Guvernementet har eit areal på anten 2297 km²[27] eller 2437 km².[28] Lattakia by ligg iLattakia-distriktet nord i Lattakia guvernement.
EtterKöppen si klimaklassifisering, har Lattakia eit varmtMiddelhavsklima (Csa) med varme, tørre somrar, og milde, våte vintrar.[29] Dei våtaste månadane i Lattakia er desember og januar, då normalnedbøren er kring 160 mm. Den tørraste månaden er juli, då det i snitt kjem berre 1 mm med regn. Middeltemperaturen i byen varierer frå kring 12 grader celsius i januar til kring 27 grader celsius i august. Lattakia får i snitt kring 760 mm nedbør i året.
På byrjinga av 1900-talet hadde Lattakia eit folketal på kring 7 000 innbyggjarar; menJournal of the Society of Arts noterte eit folketal på 25 000 i 1905.[32] I eit estimat frå 1992 hadde Lattakia eit folketal på 284 000, og dette steig til 303 000 i ei folketeljing i 1994.[33] Folketalet i byen heldt fram å stige og nådde eit estimat på 402 000 i 2002.[34] Dette talet kjem derimot an på kvar ein definerer bygrensene. Under ein definisjon hadde storbyområdet til Lattakia eit folketal på 370 000 i 2010.[2]
Lattakia har ein litensunnimuslimsk majoritet og ein storalawittisk minoritet. På landsbygda er det ein alawittisk majoritet på kring 70 %, medankristne utgjer opp til 14 %, sunnimuslimar 12 %, ogismailittar dei siste 2 %. Byen fungerer som hovudstad for alawittane og er eit stort kultursenter i området for religionen.[34] Gjennom 1980- og 1990-åra, flytta mange alawittar til byenDamaskus i sør.[35] Det finst mangegresk-ortodokse i Lattakia, som er eitbispedøme og den største kyrkjelyden igresk-ortodokse kyrkja i Antiokia.[36][37] I 1825 vart det registrert 6 000-8 000 muslimar, 1 000 gresk-ortodokse kristne, 30armensk kristne, 30maronitt-katolikkar, og 30jødar.[38]
Hamna i Lattakia er hovudruta inn i Syria forcontainerar, men handsamar òg store mengder metall, maskineri, kjemikaliar og mat. I 2004 vart det lessa av 5,1 millionartonn, og ein million tonn vart eksportert frå hamna. Eit nytt kaiannlegg er under utbygging. Hamna vert driven av halvvegs sjølvstendige, statlege selskap.[42] I området rundt Lattakia er det eit rikt jordbruk. Eksportvarer er mellom annabitumen ogasfalt, korn,bomull, frukt, egg, vegetabilsk olje, keramikk, ogtobakk. Bomull, handsaming av vegetabilsk olje, garving, ogsvampfiske er lokale industriar i byen.[20]
Cote d'Azur-stranda i Lattakia er ein av dei mest populære feriestadane i Syria, og aktivitetar her er mellom anna vasski, jetski og brettsegling. Byen har åtte hotell, to av dei fem stjernes.[43]
Som i andre syriske byar er vindaugeshopping og kveldsturar til marknadane det mest populære tidsfordrivet i Lattakia. Mange designerbutikkar ligg i 8 Azar-gata og hjarte av shoppingområdet er ei rekkje blokker kring 8 Azar-gata, Yarmoukgata og Saad Zaghloul-gata i sentrum av byen.[44]
Lattakiatobakk er ein spesielltobakk som opphavleg vart produsert i Syria og kalla opp etter hamnebyen Lattakia.[45] I dag vert tobakken hovudsakleg produsert påKypros. Han vert tørka over ein eld avpinje eller eik, noko som gjev han ein intens røykfull, pepra smak og lukt. Han er som regel for sterk for folk flest til å røyke rein, og vert gjerne blanda med andre typar tobakk, særleg engelsk, balkansk og somme amerikanske blandingar.[45]
Lattakia har ein årleg festival, Al-Mahaba-festivalen. Festivalen vert halde mellom 2. og 12. august og omfattar kulturelle hendingar, idrettskonkurransar og konsertar. Festivalen vert halden iLatakia Sports City som er eit landemerke i byen.[46] Blomsterfestivalen vert halden på same tid.[47]Minnefestivalen i Lattakia er retta mot den antikke historia til Lattakia. Han vart halden kvart år frå 16. til 18. september og omfattar karnival, panoramautstillingar om Ugarit og det antikke Laodikea, ein fønikisk båtkonkurranse og utstilling, og bretteglingskonkurranse.[47]
Nasjonalmuseet i Lattakia vart bygd i 1986 nær sjøen. Bygningen var tidlegare heimen til guvernøren iAlawittarstaten og var opphavleg ein osmanskkhan («karavansarai») frå 1500-talet kalla Khan al-Dukhan, som tyder «Røyk-khanen», sidan dei dreiv tobakkshandel her.Khanen var ikkje berre eit gjestgjevari, men var òg ein privat bustad.[36] Utstillingane omfattar tavler fråUgarit, smykke, myntar, småfigurar, keramikk frå antikken og tidlege arabiske og krossfararne sine ringbrynjer og sverd.[48][49]
Lattakia har to fotballklubbar:Teshrin vart skipa i 1947,[50] ogHutteen i 1945.[51] Begge laga spelar påal-Assad stadion, som har ein kapasitet på 35 000 tilskodarar. Like nord for byen liggLatakia Sports City, som vart bygd i 1987 for å huseMiddelhavsleikane i 1987[52] og der det i dag vert halden idrettsarrangement.[44] Komplekset omfattar eitstadion med kring 45 000 sete, eit stupebasseng, eit tildekt symjebasseng og eit olympisk symjebasseng, i tillegg til ein tennisklubb med elleve banar og ein yachtklubb.[52]
På grunnskulenivå (6-15 år) har Lattakia 167 812 elevar fordelt på 615 skular med ein kapasitet på 5 824 klassar og 10 446 lærarar. På vidaregåande nivå har Lattakia 16 968 elevar (54% kvinner) fordelt på 613 klassar og 4 992 lærarar.[53]
Ein skule i Lattakia i Syria er kalla opp etterJules Jammal, ein arabisk kristen offiser som var ein sjølvmordsbombar som gjekk til åtak på eit fransk skip.[54]
Den moderne byen syner still spor etter den tidlegare stordomstida. Marinaen er bygd på fundament av antikke søyler og det finst ein gammal port og andre spor frå antikken i området, som sarkofagar og gravgrotter. Porten er ein merkverdig triumfboge søraust i byen, nesten like heil som då han vart bygd. Han har fire inngangar, somForum Jani har iRoma. Det er trudd at bogen vart bygd til ære forLucius Verus eller Septimius Severus.[55] Delar av greske og latinske inskripsjonar er spreidd over alle ruinane.
Interessante stader i nærleiken er den massiveSaladin-borga og ruinane avUgarit, der ein har funne nokre av dei tidlegaste spora etteralfabetisk skrift. Her finst òg fleire populære strender. Det er mange moskéar i Lattakia, mellom anna Den store moskéen frå 1200-talet og Jadid-moskéen frå 1700-talet bygd av Suleiman Pasha Azem.[36]
Lattakia har 16 sjukehus med til saman 1 278 senger, i snitt ei seng per 663 personar. Han har òg 94 helsesenter, som i snitt er eit senter per 9 011 personar. Talet på lækjarar er 1 696, med 499 personar per lækjar. I tillegg finst her 888 tannlækjarar og 448 farmasøytar.[53]
Det største sjukehuset i Lattakia er nasjonalhospitalet i Lattakia i Bagdadgata. Al-Assad universitetssjukehus ligg i 8 Azargata. Det meir moderne Tishreen universitetssjukehus vart bygd som ein del av Tishreen universitet.[56]
Vegar knyter Lattakia til Aleppo,Beirut,Homs, ogTripoli.[20] Hovudkystvegen i byen er Jamal Abdel Nasser-gata, kalla opp etter den tidlegare egyptiske presidentenGamal Abdel Nasser. Her ligg hotell, restaurantar og bymuseet og endar ved Hitteenplassen. Frå plassen går han i ei grein sørvest til al-Maghreb al-Arabi-gata,[57] sørover til 8 Azar-gata, som held fram sør til ho dannar Bagdad aveny, hovudvegen mellom nord og sør.[58]
Mykje av byen er tilgjengeleg med taxi og andre offentlege transporttilbod. Bussar transporterer folk til forskjellige syriske, libanesiske og tyrkiske byar, som Aleppo, Damaskus,Deir ez-Zor,Palmyra, Tripoli, Beirut,Safita, Hims,Hama,Antakya, ogTartous. Garagat Pullman busstasjon ligg ved Abdel Qader al-Husseini-gata, og minst eit dusin private selskap held til ved stasjonen. På same gata ligg den eldre Hob-Hob bussstasjon, som driv på det prinsippet at dei køyrer når det er fullt til Damaskus og Aleppo. Lokale minibussar køyrer mellom al-Yaman-plassen ogsentrum av byen.[44]
Togstasjonen i Lattakia ligg ved al-Yamanplassen.Chemins de Fer Syriens opererer toga, og av ruter finn ein to daglege avgangar til Aleppo og ein gong i veka til Damaskus via Tartous. I 2005 reiste kring 512 167 passasjerar frå togstasjonen i Lattakia.[59]
Bassel Al-Assad internasjonale lufthamn ligg 25 km sør for Lattakia og fungerer som ein nasjonal og regional flyplass med faste ruter tilSharjah,Jidda,Riyadh ogKairo. Hamna i Lattakia har seks organiserte båtruter mellomAlexandria,Izmir og Beirut. I tillegg går det uregelmessige ferjer tilKypros. I 2005 reiste 27 939 passasjerar ut frå hamna.[59]