Velkomstskiltet, som står i den sørlege enden av hovudgataThe Strip.
Las Vegas (spansk forengene) er den største byen i denamerikanske delstatenNevada og den største byen som er grunnlagt i det20. hundreåret (grunnlagt i1905). Byen har ca. 500000 innbyggjarar, byregionen ca. 1950000 (2005).
Las Vegas blir nokre gonger kalla «Sin City» (engelsk for «Syndebyen»). Grunnen til dette er den store utbreiinga avlegalisertgambling, tilgangen tilalkohol til alle tider på døgnet (som i heile Nevada), ulike typar og grader avstripping ogporno og legalisertprostitusjon i nærliggjandecounty. Det offisielle kallenamnet, som dei lokale styresmaktene fremmer, er likevel «Verdas underhaldningshovudstad».
Området fekk namnet sitt avspanjolar som henta vassforsyningar her når dei følgde den gamle spanske vegen frå Texas nordvestover. Dei mange vasskjeldene her gjorde at området hadde store grøne enger, derav namnet «Las Vegas» («engene»).
Las Vegas er i dag spesielt kjent forkasinoa sine og dei mangebryllaupskapella. Kvar dag giftar 150 menneske seg i byen. Det finst så mange hotell i byen, at dersom ein skulle overnatte ei natt på kvart av dei, ville det tatt 288 år.
Det glamorøse bybiletet har gjort byen til ein populær stad for innspeling avfilmar ogTV-program.