Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Laon

Koordinatar:49°33′50″N03°37′28″E / 49.56389°N 3.62444°E /49.56389; 3.62444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laon
Den øvre delen av Laon
Den øvre delen av Laon
Den øvre delen av Laon
Byvåpenet til Laon
Byvåpenet til Laon
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Hauts-de-France
Aisne
Geografi
Flatevidd42 km²
Flatevidd
 - By

42,00 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

26 265
  625/km²
Koordinatar49°33′50″N03°37′28″E / 49.56389°N 3.62444°E /49.56389; 3.62444
Høgd over havet83 m
TidssoneCET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside:www.ville-laon.fr

Laon er ein by ogkommune iFrankrike, ogpréfecture (administrasjonsstad) idepartementetAisne. Byen har om lag 25 000 innbyggjarar.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Det åslendte området rundt Laon har alltid vore strategisk viktig. Rundt tida tilJulius Cæsar låg det eingallisk landsby her. Romarane erobra staden, bygde festningsverk, og klarte å motstå invasjonar fråfrankarar,burgundarar,vandalar,alanarar oghunarar. På denne tida vart han kallaAlaudanum ellerLugdunum Clavatum.

Byen vart eit bispedøme på 400-talet, oppretta av den innføddeSt. Remigius, erkebiskopen som døypteKlodvig I.

Tidleg på 1100-talet, medan biskopen var ute på reise, prøvde innbyggjarane i byen å få kommunestatus, men biskopen kjøpte ei oppheving av dette av den franske kongen. Dette førte til opprør i byen, der bispepalasset vart sett i brann og biskopen og fleire av mennene hans vart drepen. Brann spreidde seg til domkyrkja som brann heilt ned.

Notre-Dame de Laon.

Fram til 1331 var byen meir eller mindre fri, før kommunestatusen igjen vart avskaffa. UnderHundreårskrigen vart byen erobra avburgundarane, som gav han opp til engelskmenna, før han vart teke tilbake av Frankrike etterKarl VII kom til makta.

Under felttoget i1814 prøvdeNapoleon forgjeves å drive bortvon Blücher frå byen underslaget ved Laon.

I 1870 sprengde ein ingeniør opp eit kruttlager ved festninga idet tyske troppar gjekk inn i byen. Mange liv gjekk tapt, og katedralen og det gamle bispepalasset vart øydelagd. Underden franske revolusjonen mista Laon statusen som bispedøme.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Laon
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Laon&oldid=3134943»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp