Langobardane (avmellomalderlatinlangobardus, longobardus) var eigermansk folkegruppe frå Nord-Europa som underfolkevandringstida slo seg ned vedDonau. Derifrå etablerte dei i 560- og 570-åra eit kongerike iItalia med kjerneområde i det som no erLombardia.
Gamle danske segner seier at då kong Snio regjerte iDanmark, kom det eihungersnaud over landet. Kongen baud då at nokre familiar frå kvar provins skulle forlate landet. Desse folka samla han iSkåne før dei seglde over tilJylland, og leidd av Ebbe og Åge (Ibor og Aio) byrja vandringa under namnet langobardar.
Namnet «langobard» er ei latinsk tilmåting av germansk *lang(a)barðaz ‘langskjeggje’.
Langobardane var ei tid iPannonia. Den førande kongen for dei på denne tida heitteAudoin. Audoin og sonen Alboin låg lenge i feide medgepidane som var komne før dei til Pannonia. Langobardane vann over dei i eit slag, og kongen deira fall. Kongesonen Alboin tok då dotter av den falne gepidarkongen til kone, Rosamunda. Langobardsoga fortel korleis han laga eit drykkjestaup av hovudskallen til far hennar, og under sigersgildet etter hærtoget i Italia nokre år seinare, ville han ha henne til å drikke av det. Denne svivyrdinga kosta han livet.
Paulus Diaconus fortel korleis langobardane vart bedne til Italia for å tukteostrogotane som var ved å misse kongedømet sitt der. Difor reiste dei ned i 568 og skipa eit rike der, som vara ved til det vart teke av frankarane i774.
Langobardane tok makta i fleire byar, mellom deiVerona,Vincentia,Milano ogPavia, som vart hovudstaden deira. Kong Alboin hadde gifta seg med Rosamunda, dottera til ein av kongane han hadde sigra over. Men Rosamunda hemna far sin og fekk ein ung mann til å drepe kong Alboin mot at ho lova å gifte seg med mannen – Helmechild - og setje han til ny konge. Men langobardane vegra seg for å setje Alboino sin mordar på trona, og Rosamunda og Helmechild måtte fly. Rosmunda prøvde å finne allierte for å vinne trona attende, men då ho forelska seg på nytt, ville ho rydje Helmechild or vegen. Det gjorde ho ved å gje han eit giftbeger. Då drykken var halvdrukken, merka Helmechild at noko var gale, og han tvinga Rosamunda til å drikke resten av begeret. Slik døydde dei begge, og denne soga har gjeve materiale til mange tragiske diktverk.
Etter Alboin tok einAuthar makta, men etter han vart det ufred, og riket vart styrt av 30 hertugar dei neste 15 åra, til kongAgilulf samla dei att. Kongane etter han laut støtt slost om makta med hertugane sine, og Italia utvikla seg snøgt til ein føydalstat under deira rådvelde.
Langobardarane var ariansk kristne, men gjekk over til den katolske trua tidleg på500-talet, etter påverknad frå den bayerske dronningaTheodolinda, gift med kong Agilulf. Sonen deira var den første katolske langobardarkongen.
Når langobardarriket vart svekka, var det mest på grunn av den stendige tretta mellom kongen og adelen. Ved kvart kongsskifte var det ein eller fleirehertugar som heller gjekk mot kongen og stødde mellom andrefrankarane. Sistpå førte dette til at kongeriket fall.
Den siste langobardiske kongen var Desiderius, som vart overvunnen av den frankiske kongenKarl den store i 774.Pavestaten vart oppretta i denne konflikten, som ei avtale mellom far av Karl, Pippin den vesle, og paven, mot langobardkongen.
Italiensk historie omtalar ofte langobardtida som den mørkaste delen av mellomalderen. Nasjonalt har italienarane det med å sjå dei som eit inntrengjarfolk, og historieskrivinga vel ofte å frikjenne dei frankiske kongane sitt inntog og overtakinga til Karl den store. Likevel får ein minnast at mange store og gjeve adelsslekter i Nord-Italia stammar frå dette folket, og ein av dei mest vidgjetne ætlingane etter dei er filosofenThomas Aquinas, son av ein langobardhertug,Landolfo av Aquino.
Af disse mange og store Tog sees, at ingen Nation under Solen har været meer stridbar og seyerrig, end de gamle Danske; thi deres Bedrifter opfylde de fleste udenlandske Krøniker, og gjøre en considerable Deel av deres Historier. Ludvig Holberg iDannemarks Riges Historie 1732
| |
Paulus Diaconus:Langobardarsoga. Norsk omsetjing: Paulus Diaconus.Langobardenes historie. Omsett av Anne Katrine Frihagen og Bjørg Tosterud. Oslo 2003: H. Aschehoug & Co, Fondet for Thorleif Dahls Kultusbibliotek, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.