Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Langhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg stadenLanghus i Ski
Rekonstruerte langhus, jernaldergarden på Ullandhaug

Langhus er eit namn på ein typehus som var vanleg ivikingtida ogfolkevandringstida. Husa har fått namn etter den langstrekte forma si. Gjerne budde menneska i den eine enden av huset, medan ein i den andre enden haddehusdyr. Slik budde ein nær husdyra, og om vinteren fekk ein noko varme frå dyra. Det var gjerne ein eller fleireeldstadar i huset, med tilhøyrandeljore (røykhol) i taket der røyken kunne sleppa ut. Langhusa var gjerne låge og tilpassa landskapet. Ein tenkjer seg at mange av dei var bygd opp med steinmurar og med gras på taket. Særleg på sørvestlandet i Noreg vart det nytta steinmurar, noko som gjev karakteristiskearkeologiske funn. PåJernaldergarden på Ullandhaug litt utanforStavanger sentrum, er det bygd opp rekonstruerte langhus. Langhusa vert nytta til å formidla korleis livet kunne vera i gamal tid. Eit tilsvarande anlegg finst påBorg i Vestvågøy der det er bygd opp eit langhus med torvveggar. Huset som er bygd opp er 83 meter langt og mellom 7 og 9 meter breitt. Huset blir nytta som museum og opplevingssenter.PåForsandmoen iForsand kommune er òg slike hus rekonstruert.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Langhus&oldid=3435271»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp