Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Landskrona

Koordinatar:55°52′00″N12°50′00″E / 55.86667°N 12.83333°E /55.86667; 12.83333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°52′00″N12°50′00″E / 55.86667°N 12.83333°E /55.86667; 12.83333

Gamle vasstårn i Landskrona

Landskrona er einsvenskby ogcentralort iLandskrona kommun iSkåne län i landskapetSkåne. I 2005 hadde byen 28 670 innbyggjarar.

Om Landskrona

[endre |endre wikiteksten]
Citadellet i Landskrona
Kvarter i Landskrona
Sankt Olofs sjö og det gamle vasstårnet
Trolleybusser har køyrt reisande mellom Landskrona sentrum og jernbanestasjonen sidan 2003
Naturreservatet Hilleshögs dalar.

Landskrona fekkbystatus i1413 avErik av Pommern, og vedfreden i Roskilde1658 blei byen svensk. Ein av hovudattraksjonane i byenLandskrona slott, bygd av dendansk-norske kongenChristian III. Det er ferjesamband til øyaHven, der astronomenTycho Brahe heldt til. Bror hansJørgen Ottesen Brahe var lensmann på Landscrone slot 1588-91, og hadde der besøk av broren i dei nyoppførte bygningane innanfor slottsmurane.

Moderne tid

[endre |endre wikiteksten]

Kunsthallen i byen blei bygd i i 1963 til 550-års jubileet til byen som ein utstillingshall for industrielt design. Han er teikna av arkitekt Sten Samuelsson, og er den einaste bygningen som blei ståande i slottsparken etter at jubileet var over. Kaptensgårdens skulpturpark, som ligg kring kunsthallen, er ein permanent skulpturpark. Byen er kjend for dei mange vakre kolonihagane sine.

Idrettshallen i Landskrona, med sine 1100 sitteplassar, blei teikna av den danske arkitektArne Jacobsen og innvigd i 1965. FotballagetLandskrona BoIS kjem frå Landskrona.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Landskrona&oldid=3369301»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp