Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lake Placid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake Placid
Hovudgata i Lake Placid

Lake Placid (engelsk:placid (adjektiv) = roleg, koseleg) er ein feriestad i Essex County idelstaten New York iUSA. Staden hadde 2 638 innbyggarar i 2000, og vert ofte nemnt i samband med Nord-Elba, det opphavlege namnet på området. Nord-Elba er i dag nabobyen til Lake Placid.

Lake Placid ligg i regionen High Peaks iAdirondack-fjella. Her er to innsjøar: Lake Placid og Mirror Lake. Store delar av denne fjellrike regionen vart vedteke verna i 1892. Adirondack Park er det størstenaturreservatet i USA utanfor Alaska, og dekker ca ein femdel av arealet i delstaten New York.

Turisme

[endre |endre wikiteksten]

Lake Placid er ein heilårs feriestad med ei rekke sportslege aktivitetar. OL-anlegga rundt turistbyen er i bruk mykje av året. Vinteren er høgsesongen, då kan alle OL-anlegga brukast. OL-anlegga er fire i talet; skeisebana i sentrum,bobsleighbana,langrennssenteret på Mount Van Hoevelberg og alpinløypene på Whiteface Mountain. Dei kringliggjande Adirondack-fjella er eit populært område for turgåarar.

Sidan 1999 har tevlingaIronman USA årleg vorte arrangert i Lake Pacid. Dennetriatlontevlinga går over lange distansar; 3,86 km symjing, 180,2 km sykling, 42 195 meter springing.

Olympiske leikar

[endre |endre wikiteksten]

Dei olympiske vinterleikane vart avvikla i Lake Placid både i 1932 og 1980. Saman medSt. Moritz iSveits ogInnsbruck iAusterrike er Lake Placid ein av tre stader som har arrangert vinter-OL to gongar. Innsbruck har i tillegg arrangertvinter-OL for ungdom éin gong.

KunstløparenSonja Henie, kombinertrennarenJohan Grøttumsbråten ogskihopparenBirger Ruud var dei norsk gullvinnarane i 1932.Bjørg Eva Jensen vann det einaste norske OL-gullet i 1980, då ho sigra i 3000 meter lengdeløp.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelde

[endre |endre wikiteksten]


Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lake_Placid&oldid=2863941»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp