Lagos (joruba Èkó) er den størstebyen iNigeria og ein av dei største iAfrika. Byen var tidlegarehovudstad i Nigeria, men vart erstatta avAbuja i 1991.
Lagos ligg vedGuineabukta, delvis på dei to øyane Lagos Island og Iddo mellom Beninbukta og Lagoslagunen. Dei ulike bydelane er bundne saman av bruer og vegar bygd på demningar.[2]
Lagos Island blei folkesett på midten av 1600-talet, og blei eit blomstrande handelssenter for mellom annaden transatlantiske slavehandelen. Byen kom under britisk kontroll i 1861, og var frå 1866 til 1874 del avBritisk Vest-Afrika og seinareGullkysten. I 1906 blei området innlemma i Sør-Nigeria. Lagos var hovudstad for Nigeria frå 1914 (frå 1954 som føderalt distrikt).[2]Han blei erstatta som delstatshovudstad i Lagos State i 1975, dåIkeja fekk denne funksjonen. I 1991 blei statusen som hovudstad for heile landet overført tilAbuja.[3] I ein overgangsperiode heldt Lagos på mange av hovudstadsfunksjonane, men desse blei etterkvart flytta.[2]
Lagos er ein viktig hamneby, og står for ein stor del av utanrikshandelen til Nigeria. Han har ei hamn i sjølve byen og moderne hamner på Tin Can Island og på fastlandet i bydelen Apapa. I Apapa byrjar også jernbanelinja som går nordover tilKano ogNguru. Her ligg også mesteparten av industrien, som omfattar næringsmiddel-, tekstil-, sko-, såpe-, karosseri- og sementfabrikkar.Den internasjonale lufthamna ligg nord for Lagos, i delstatshovudstaden Ikeja.
Lagos er også ein av verdas raskast veksande byar. I 1950 hadde han berre 290 000 innbyggjarar.I 2016 hadde storbyområdet Lagos rundt 13 123 000 innbyggjarar (estimat for 2015, SN sin befolkningsdivisjon).[2]Den kraftige veksten har ført til store pressproblem og vanskelege trafikkforhold.[2]
Lagos er sentrum for den nigerianske filmindustrien, som ofte blir kalla «Nollywood». Mange filmar blir laga iFestac i Lagos.[7]Idumota-marknaden på Lagos Island er den største distribusjonsstaden. I Iganmu liggNational Arts Theatre, eit hovudsenter for utøvande kunst i Nigeria.
University of Lagos (UNILAG) blei skipa i 1962.DelstatsuniversitetetLagos State University (LASU) er eit universitet med fleire campusar som blei skipa i 1984.Pan-Atlantic University er eit privat universitet som byrja som Lagos Business School (LBS) i 1991.National Open University of Nigeria blei opna i 2002.Caleb University er eit privat universitet frå 2008.