Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

La Tène-kulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gundestrupkjelen med den hjortehornaCernunnos. Kjelen er truleg laga i det noverandeRomania og blei ofra i ei myr iDanmark. No på Himmerland Museum i Gundestrup.
Kjerneområdet til La Tène-kulturen (oransje) og utbreiinga til den keltiske kulturen kring 400 f.Kr.

La Tène-kulturen er ein kultur som blir spora tiljernalderen iNord-Europa.Kulturen har fått namn etter funnplassen iLa Tène rett nord forNeuchâtelsjøen iSveits. Plassen blei graven ut etter funn gjort avHansli Kopp i 1857. Her blei det observert restar av store trekonstruksjonar under ein tørkeperiode der vasstanden i innsjøen sokk. Tidlege utgravingar gav rike funn, og blei snart følgde av fleire utgravingar i området.

Datering av La Tène

[endre |endre wikiteksten]

Kulturen blei raskt delt inn i ulike periodar på bakgrunn av funna som blei gjort. Den eldste perioden omfattar tida omkring år 600 f.Kr., mellomperioden utgjer tida 450-100 f.Kr. og den yngste perioden hundreåret f.Kr. Kulturen forsvann og spora stansa nesten heilt med bløminga tilRomarriket.

Kvar La Tène-kulturen kjem frå er omdiskutert. Han omfatta området fråMarne i austreFrankrike og den nordre sida avAlpane til det øvre løpet avDonau. Metallhandverket frå La Tène er karakterisert av innvikla spiralar og vevmønster på vakkert utførte bronsekar, hjelmar og skjold, seletøy og luksussmykke, spesielt halsringar som blir kallatorcar ogfibula-spenner. Han er vidare kjenneteikna av elegante stiliserte dyre- og plantemotiv, med element som minner omskytisk handverk frå mellom annaUkraina, nærståande med geometriske mønster fråHallstattkulturen. Også i andre område har det dukka opp La Tène-materiale, mellom anna iIrland ogStorbritannia,Spania,Bourgogne ogAusterrike.

La Tène-kulturen

[endre |endre wikiteksten]

Det store kontaktnettet til kulturen er tydeleg gjennom gravrituale og rike gravgåver. Ei grav iVix i Frankrike frå 500-talet f.Kr. inneheldt den største bronsegryta som nokon gong er funnen. Ho hadde eit volum på ca. 1100 liter, og var truleg laga iHellas. Gravene inneheldte ofte ein grift med offergåver. Dette kunne til og med inkludera menneskeofringar. Ved fleire tilfelle har det dukka opp avhogde hovud i avbildingar.

Kjende La Tène-objekt

[endre |endre wikiteksten]
  • Strettweg-vogna (600-talet f.Kr.); i søraustre Austerrike (no på Landesmuseum Johanneum iGraz). Vogna har fire hjul med gudinnemotiv, ryttarar med økser og skjold, tenarar og hjortar.
  • Gundestrupkjelen (100-200-talet f.Kr.); rituelt øydelagd offergåve funnen i ei myr iDanmark (no i Himmerland Museum i Gundestrup). Truleg laga i eller nær novarandeRomania.
  • Battersea-skjoldet (100 f.Kr.-0); funne iThemsen. Eit bronseskjeld med raudemalje (no påBritish Museum iLondon).
  • Witnam-skjoldet (400-500-talet f.Kr.), no på British Museum i London

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=La_Tène-kulturen&oldid=3631787»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp