Øya harvulkansk opphav og er nesten sirkelforma med ein diameter på 22 km og ei høgd på opp mot 1487 meter over havet ved Garajonay. Øya er forma som ei halv appelsin som så er delt inn i fleire «båtar» med djupe kløfter ellerbarrancos mellom seg. Desse kløftene er dekte av laurbærregnskog (laurisilva).
Dei øvre delane av desse tette skogane er nesten alltid dekte avskyer ogdis og er derfor frodige med variertvegetasjon. Dei er ein del avGarajonay nasjonalpark, somUNESCO erklærte einverdsarvstad i 1986. I fjellsidene finn ein mange stiar som gjev flott utsyn over området for turistane her.
Dei sentrale fjella tar imotluftfukt fråpassatvinden og gjev eit tett jungelklima med kjøligare luft enn i dei solrike klippene ved kysten.
Mellom desse to ytterpunkta finn ein fleiremikroklima. I fleire hundreår har bønder i desse områda nytta vatnet frå regnskogområda til å lagevingardar,frukthagar ogbananlundar.
I 2003 levde opp mot 20 000 menneske på La Gomera.
Den lokale vinen er særeigen og vert ofte servert saman med eintapas av til dømes lokal ost, steikt svin eller geitekjøt. Andre kulinariske spesialitetar eralmogrote, einsmelteost ogmiel de palma, ein sirup fråpalmetre.
Innbyggjarane på La Gomera har ein unik måte å kommunisere på over dei djupe kløftene med forbløffandeplystring kallasilbo gomero. Detteplystrespråket til dei innfødde har vorte dokumentert sidan romartida. Det vart utvikla av dei innfødde på øya,guanchane og seinare lært av dei spanske nybyggjarane på 1500-talet. Då denne kommunikasjonsmetoden var i ferd med å døy ut på slutten av 1900-talet vart det sett inn krav om at alle borna skulle lære plystrespråket på skulen.
Kristoffer Columbus gjorde det siste stoppet sitt på La Gomera før han kryssa Atlanteren i 1492. Han stoppa her for å fylle opp med vin og vatn til mannskapet og skulle etter planen berre bli i fire dagar. Han vart derimot forelska i Beatriz de Bobadilla, guvernøren på La Gomera og han vart verande ein månad. Då han segla avgarde gav ho hansukkerrøyr, som vart dei første som nådde den nye verda. Huset iSan Sebastián der han oppheldt seg er i dag ein turistattraksjon.