Kyiv ellerKiev (ukrainsk Київ,Kyjiv,russisk Киев, Kijev)[1][2] er hovudstaden og den største byen iUkraina, han ligg nord i det sentrale Ukraina ved elvaDnepr. Byen er ei eiga administrativ eining, men er administrasjonsstad for området kring,Kyiv oblast. Byen har offisielt kring 2,8 millionar innbyggjarar (2010), men på grunn av mange ikkje registrerte innflyttarar vert det rekna med at byen har kring 4 millionar innbyggjarar. Kiev er eit viktig senter i Aust-Europa for industri, vitskap, utdanning og kultur. Mange høgteknologiske industriar og høgare utdanningsinstitusjonar ligg i byen, i tillegg til verdskjende historiske landemerke. Byen har ein omfattande infrastruktur og eit høgt utvikla kollektivtilbod, inkludertKyiv Metro. I helgene vert sentrum stengt for biltrafikk, til føremon forfotgjengarane.
Mikaelskatedralen i Kiev
Namnet Kyiv eller Kiev er sagt å kome frå namnetKyj, ein av dei fire legendariske grunnleggjarane av byen (brørne Kyi, Sjtsjek, Khoryv og systera Lybid). I løpet av historia har Kyiv, ein av dei eldste byane i Aust-Europa, gått gjennom fleire periodar som viktig senter og periodar som ein nesten gløymd stad. Byen oppstod truleg som eit handelssenter så tidleg som 400-talet. Byen var einslavisk stad styrt avkhazarar langs den store handelsruta mellomSkandinavia ogKonstantinopel[3] fram til han vart erobra avværingar (vikingar) på midten av 800-talet. Under styret tilværingane vart byen hovudstad iKievriket, den førsteaustslaviske staten. Skal ein truNestorkrønika, herska dei to skandinaviske høvdingane Askold og Dir over Kyiv på 860-talet. I 878 blei byen erobra avOleg, etterfølgaren tilRurik som fyrste i Novgorod. Gjennom 900-, 1000- og 1100-talet var Kyiv senteret i det russiske riket, men allereie i andre halvdelen av 1000-talet var det klåre teikn til at rikseinskapen var i ferd med å gå tapt. Etter kvart blei underfyrstenVladimir sterkare enn Kiev-fyrsten. Han vart totalt øydelagd underMongolinvasjonen i 1240 og byen vart mykje mindre viktig dei neste hundreåra. Han var ein provinshovudstad i utkanten av områda kontrollerte av dei mektige naboane sine, førstStorhertugdømet Litauen, såPolen ogRussland.[4]
Byen vart truleg grunnlagt allereie på400-talet, då som ein utpost iKhazarriket. Han vart seinare sentrum i denaustslaviske sivilisasjonen, og vart hovudstad iKievriket frå 800-talet. Under stordomstida til byen var han ein av dei største i Europa, og hadde over 100 000 innbyggjarar. Gullalderen tok ein definitiv slutt då byen vart øydelagt undermongolinvasjonen av Russland.
Kiev har ein spesiell administrativ status i Ukraina. Byen er ikkje underlagt det omliggandeKyiv oblast, men er som forvaltningsledd direkte underlagt staten. Samstundes blir den politiske leiinga i byen vald direkte, i motsetnad til i resten av landet der han blir utpeikt av staten. Sidan 2014 harVitalij Klytsjko vore ordførar.
Byen er delt inn i dirajonar (distrikt eller bydelar), med eit visst politisk sjølvstyre.
Kyiv har 25 museum, eit planetarium, teater og fleire botaniske og zoologiske hagar i byen. Eit av dei mest kjende landemerka erDen store fedrelandskrigen-museet med statuen Rodina-mat på toppen. Inklusive sokkelen er monumentet heile 102 meter høgt, og den fjerde største i verda av sitt slag.Kiev-operaen er òg berømt, og er blant dei besteoperahusa i det tidlegare Sovjetunionen.
Kyiv har eit godt utbygd kollektivnett. Store delar av byen blir dekt av tunnelbanen (Kiev Metro), som har 45 stasjonar. T-banesystemet er under stadig utviding. I tillegg til T-banen har Kiev bussar, trolleybussar og trikk.
Drosjesystemet i Kyiv er dårleg regulert, og det er ingen offentleg fastsett kilometertakst. Byen har òg mange meir eller mindre uformelle drosjar.
Kyiv har eitfuktig kontinentalklima (KöppenDfb)[5]. Dei varmaste månadane er juni til august, med middeltemperaturar frå 13,8 til 24,8 °C. Dei kaldaste månadane er desember til februar med middeltemperatur frå -4,6 til -1,1 °C. Varmerekorden i byen er 39,4 °C frå den 31. juli 1936. Kulderekorden i byen er -32,2 °C frå den 7. og 9. februar 1929. Snødekkjer ligg vanlegvis i byen frå midten av november til slutten av mars og frostperioden varer i snitt 180 dagar, men kan somme år gå over 200 dagar.