Kvitgran | |
![]() Kvitgran | |
Utbreiing og status | |
Status i verda:![]() Utbreiinga av kvitgran | |
Systematikk | |
Rike: | PlanteriketPlantae |
Rekkje: | BartrePinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | FuruordenenPinales |
Familie: | FurufamilienPinaceae |
Underfamilie: | Piceoideae |
Slekt: | GranslektaPicea |
Art: | KvitgranP. glauca |
Vitskapleg namn | |
Picea glauca |
Kvitgran (Picea glauca) er ein plante igranslekta ifurufamilien. Ho høyrer naturleg heime på det nordamerikanske kontinentet. ICanada ogAlaska, mot 70.breiddegraden, dannar ho den arktiskeskoggrensa. Ho veks òg veddei store sjøane iUSA, sør til 42°30' N.
Kvitgrana vert brukt både til framstilling avcellulose ogpapir og som virke fortrelast.
Kvitgrana er svært hardfør, både med tanke på vind, temperatur og krava til jordbotnen. Difor er ho mykje bruka iskogreisinga på lyngmark langs norskekysten, og ho er godt eigna til leplanting. Ho er meir lyskrevjande ennnorsk gran.
Kvitgran veks naturleg itaiga i den nordlege delen av Nord-Amerika, frå sentrale Alaska til så langt aust somAvalon-halvøya i Newfoundland, og sør til nordlege Montana, Minnesota, Wisconsin, Michigan, New York, Vermont, New Hampshire og Maine. Det er òg ein isolert populasjon iBlack Hills i Sør-Dakota og Wyoming.[1][2][3][4][5] På engelsk er treet er òg kjent somCanadian spruce, skunk spruce, cat spruce, Black Hills spruce, western white spruce, Alberta white spruce ogPorsild spruce.[6]
Fleirevariantar er blitt skildra, men dei har ikkje blitt aksepterte som separate av alle botanikarane. Eit kompromiss kan ein rekne frå aust til vest:[1][2]
Fleirekultivarar har blitt valde ut til bruk i parkar og hagar.