Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kvit dverg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete avSirius A ogSirius B. Sirius B er den vesle kompanjongstjerna nede til venstre; den første kvite dvergen som blei oppdaga.
Den kvite dvergenIK Pegasi B (i midten) samanlikna medA-klasse-kompanjongenIK Pegasi A (til venstre) og sola (til høgre). Pegasi B har ein overflatetemperatur på 35 500K.

Kvite dvergar er stjerner som er samansette avdegenerert materie. Sidan kvite dvergar har ein masse liknandesola og volum liknandejorda har dei ein høgtettleik. Deira svakeluminositet kjem av lagratermisk energi generert av fusjonsprossar før stjerna blei ein kvit dverg. Kvite dvergar utgjer omtrent 6 % av alle kjende stjerner i solsystemet sitt nabolag.[1]

Ein reknar med at kvite dvergar er det siste stadiet istjerneutviklinga for stjerner med ein masse under ei viss grensa; meir enn 97 % av alle stjernene igalaksen.[2] Etter at ei stjerna har kasta av seg lag på lag med materie og danna eiplanetarisk tåka er den kvite dvergen det einaste restproduktet som er att av den opphavlege stjerna. I løpet av milliardar av år vil den kvite dvergen nå den teoretiske tilstandensvart dverg. Då har den kvite dvergen vorte so avkjøla at han ikkje lengre sender ut særlege mengder avelektromagnetisk stråling. Tilstanden er teoretisk då det vil ta rundt 10 billionar år før dvergen har vorte avkjøla nok, medan alderen til universet er på rundt 13,7 milliardar år.[3]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Todd J. Henry, RECONS, Georgia State University - liste over dei 100 næraste stjernesystema
  2. «The Potential of White Dwarf Cosmochronology», G. Fontaine, P. Brassard, og P. Bergeron,Publications of the Astronomical Society of the Pacific113, #782 (april 2001), s. 409–435.
  3. «Extreme Stars: White Dwarfs & Neutron Stars», Jennifer Johnson, lektyrenotat, Astronomy 162,Ohio State University.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kvit_dverg&oldid=3486483»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp