Kvite blodlekamar ellerkvite blodceller, også kallaleukocyttar, er ei fellesnemning på ei gruppeceller som utgjer ein del avblodet i kroppen. Desse cellene beskyttar kroppen mot infeksjonar og er ein sentral del avimmunsystemet.
Granulocyttar har fått namn etter korleis dei ser ut i mikroskop, forstørra opp ser ein klart at dei har mange små kular (svarte prikkar) inni cella forutan sjølve cellekjerna. Det finst fleire ulike typar, mellom deinøytrolfile granulocyttar,basofile granulocyttar ogeosinofile granulocyttar. Alle dei tre typane vert utvikla frå ei felles modercelle (myeloblast). Jo meir denne cella delar seg, jo fleire «flekkar» (granular) får cella.
Lymfocyttar er ein viktig del av det spesifikkeimmunsystemet.B-lymfocyttar er ei celle som har spesielle reseptorar festa til seg. Desse reseptorane er spesifikke for kvar bakterie, slik at dei berre festar seg til ein bestemt type antigen hjå bakteriane. Vidare byrjar B-lymfocyttane i dele seg til såkallaplasmaceller, som byrjar å produsereantistoff som høver til ein spesiell bakterie. Antistoffa festar seg så på denne bakterien. No kan antistoffa løyse opp bakteriane med ein gong, ved hjelp avenzymar som antistoffa fører med seg. Antistoffa kan òg gjere skade på celleveggen slik at det vert lettare forfagocyttane å øydeleggje dei. Nokre antistoff har òg den eigenskapen at dei kan binde saman fleire bakteriar til store klumpar slik at dei ikkje kan fungere.
T-lymfocyttar er celler som i motsetnad til B-lymfocyttane, ikkje går til åtak på bakteriar. Dei har som hovudoppgåve å bekjempevirus ogkreftceller. Alle virusinfiserte celler har til liks med bakteriar ein spesifikk overflate (makromolekyl) som immunsystemet kan kjenne att.T-åtaksceller går så til åtak på dei virusinfiserte cellene. Når ein T-lymfocytt kjenner att overflata på eit virus eller ei kreftcelle byrjar cella å dele seg. Sidan denne prosessen går seint, tek det fleire dagar før det er nok lymfocyttar i blodet til å slå attende infeksjonen.