Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kvit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvit
 

HTML-farge#FFFFFF
sRGBB  (rgb)(255, 255, 255)
CMYKH   (c,m,y,k)(0, 0, 0, 0)
HSV       (h,s,v)(-°, 0%, 100%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Kvit (frå norrønthvítr)[1] er fargen ein får når heilelysspekteret vert reflektert. Kvitt er ikkje ein del av fargespekteret, ettersom det blir til ved at kvitt lys blir brote og dei ulike bølgjelengdene spreier seg forskjellig. Ein kan derimot blanda han med andre fargar for å gjera dei lysare.

Kvite godvêrsskyer.

Stoff som reflekterer så godt som alt lys som blir sendt mot dei, ser kvite ut. Dette gjeld mange pulver, somkveitemjøl,krit ogkokain, nokre mineral, somdiamant ogkvarts, stein, sommarmor oggranulitt, fleire oksiderte metall, somtitan,sink ogmagnesium, og vatn blanda medluft, til dømes somskum,skyer,snø eller i einfoss.

Kvitt i biologien

[endre |endre wikiteksten]
Ein kvit isbjørn synest godt i det mørke havet, men ikkje blant is og snø.
Kvitkrokus.

Kvite dyr

[endre |endre wikiteksten]

Mange dyr er heilt eller delvis kvite. Dette kan koma av naturleg tilpassing, til dømeskamuflasje i område med mykjesnø, eller einmutasjon, slik somalbinisme. Dyr som lever i svært kalde område kan vera kvite heile året, slik somisbjørnen. Andre kan bli kvite berre om vinteren, slik somharar ellerpolarrevar. Også dyr som ikkje lever i polarområde kan vera naturleg kvite, til dømessvaner. Andre kvite dyr kan ha blitt ala fram av menneske, slik som nokrehestar ogkaninar, dei siste både som albinoar og som vanlege dyr.

Kvitt på menneskekroppen

[endre |endre wikiteksten]

Visse menneskegrupper har utvikla særs lyshud, kanskje for betre å fanga oppD-vitaminar frå sollys i strok der det er lite sol. Denne hudtypen blir gjerne skildra som kvit, sjølv om han som oftast ser meirrosa ut, på grunn avblodet under huda.

Menneske kan også veraalbinoar, noko som kan føra med seg krittkvitt hår. Ein del lyshuda menneske, særleg born, kan òg hablondt hår som ser heilt kvitt ut. Elles kan ein få kvitt hår når ein blir gammal.

Kvitt i samfunnet

[endre |endre wikiteksten]

Kvit hud

[endre |endre wikiteksten]
DronningElizabeth I av England brukte kvitsminke for å få eit kvitast mogleg fjes.

I nokre samfunn har kvitleg hud vitna om eit liv fritt for hardt utearbeid, og har vore sett på som eit statussymbol. Folk som ønskjer å halda huda så kvit som mogleg kan bruka hattar som vernar andletet mot solstrålar. Kremar som skal bleika huda eller dekka henne med eit kvitt lag har òg vore vanleg mange stader.

Kvitfargen kan òg vitna omsjukdom ellerdød, og kan vera ein grunn til at så mangegjenferd blir avbilda med kvit hud og klede. Ein bleik hudfarge har òg mista mykje av statusen sin ved at dei flestearbeidarar blei sende innandørs etterden industrielle revolusjonen. I dag ønskjer mange europearar og amerikanarar å sjåsolbrune ut, medanjapanske kvinner enno prøver å ha såsnøkvit hud som mogleg.

I tillegg til å bruka kvitsminke, noko til dømesgeishaer gjer ut frå gamle japanskevenleiksideal, kan ein bruka kvitkroppsmåling for å dekorera huda. Dette gjer til dømes australskeaboriginarar som del av tradisjonelle rituale.

Kvite klede

[endre |endre wikiteksten]

Kvitt kan stå for det som er reint og urørt, som nyfallensnø eller eit tomtpapirark.

Av praktiske grunnar har det vore vanleg å lagasengetøy ogundertøy av kvitt klede. Dette er fordi ein vaska dei medklor, som drep bakteriar og bleikar tøyet. Særleghelsevesenet og mangehotell bruker mykje kvitt tøy, både fordi det er praktisk og kanskje òg for å gje inntrykk av reinsle.

Parsiskbryllaup der mennene og brura er kledde i kvitt.

I detindiske samfunnet står kvite klede for det symbolske reine, og blir mellom anna brukt innandjainismen, der mange medlemmer ber kvitt tøy som symbol på eit enkelt og asketisk liv. Også kristne nonner, medMor Teresa sine miskunnssøstre som dei mest kjende, ber kvite drakter. Mangehinduistiskeenkjer har kvitt som einaste klesfarge resten av livet dersom dei ikkje gifter seg opp att. Slik kan kvitt òg sjåast som ein sørgefarge, og han blir brukt til dette iKina.

I denkristne kyrkja er kvitt einliturgisk farge som står for lys, heilagdom og reinsle. Det har vore vanleg å bera kvite plagg til viktige hendingar somdåp,konfirmasjon ogkyrkjegonge etter barsel.

I moderne tid er kvitt blitt ein typisk farge forbrurekjolar over heile verda. Bruken spreidde seg etter at den populære monarkenVictoria av Storbritannia gifta seg i kvitt, og kvitt er no den sjølvsagte brurekjolefargen for mange. Kvitfargen blir gjerne eit symbol for den kyske og uskuldigebrura. Derfor blir det gjerne sett på som feil å bruka ein kvit brurekjole om ein gifter seg opp att.

Kvitt i heraldikken

[endre |endre wikiteksten]
Den raudekrossen
Den raudehalvmånen.

I moderne konfliktsituasjonar er eit kvitt flagg eit fredeleg symbol. Det kan brukast av folk som ikkje deltek i konflikten, eller av styrkar som overgjev seg.

Men det kvite flagget har òg stått for autoritet. Det var symbolet til detfranskemonarkiet, og bruken av det ellertrikoloren var ei kjelde til strid etterden franske revolusjonen. Under revolusjonstida vart kontrarevolusjonære royalistiske opprørarar kalladei kvite, mens dei revolusjonære vart kalladei blå (blå hadde da enno ikkje vorte ein farge som i somme land symbolisererliberal-konservative parti). Sidan da har kontrarevolusjonære krefter fleire gonger vorte karakteriserte somkvite, såleis var det til dømeskvite motraude både iden finske borgarkrigen og underden russiske revolusjonen. Slik bruk av ordetkvit har ein ikkje lenger.

Den fredelege organisasjonenRaude kross bruker kvite flagg med eit lite symbol på. Andre, nasjonale flagg der kvitt er dominerande erKypros,Israel ogFinland.

heraldiske våpen er det vanleg å bruka kvitt i staden for sølvfarge når dei skal trykkast. I nokre tilfelle kan kvitt likevel seiast å vera ein eigen heraldisk farge, til dømes iden britiske kongefamilien, der våpenskjolda til alle andre enn den regjerande monarken alltid bruker kvitt.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «kvit» iNynorskordboka.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kvit&oldid=3177878»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp