
Kvalkokeri er eit anlegg for framstilling avkvalolje fråkval, hovudsakleg fråkvalspekket. Eit kvalkokeri kan vere landbasert, og vert då kalla einkvalfangststasjon,kvalstasjon eller einlandstasjon. Kvalkokeriet kan òg vere eitflytande kvalkokeri, det vil seie eit spesialbygdfabrikkskip forpelagiskkvalfangst.
Den industrielle kvalfangsten, slik han vart driven midt på 1900-talet, var basert på kvalfangstekspedisjonar med eit flytande kvalkokeri som midtpunkt. Eit slikt kokeri var ein flytande fabrikk der heile kvalen vart utnytta: Spekk,kjøt ogkvalbein.Kvaltenner og kvalbardar vart òg utnytta.
Ein kvalfangstekspedisjon, slik det vart drive midt på 1900-talet, bestod vanlegvis av eit flytande kvalkokeri med 9-10kvalbåtar. Fangsten vart hovudsakleg driven iSørishavet. Kvalartene som vart fanga var bl.a.blåkval,finnkval,knølkval ogspermasettkval.
Dei første flytande kvalkokeria frå byrjinga av 1900-talet hadde ikkje utstyr til å heise heile kvalskrottar om bord. Dyra vart fortøydde langs skutesida ogflensinga føregjekk utanbords. Med denne arbeidsmetoden var det avgrensa kvar kokeria kunne drive fangsten sin. Dei måtte liggje i eit smult farvatn i le av land. Spekka utanpå dyra vart teke vare på og kokt til olje om bord, medan lite av dyret elles vart utnytta. Mange av kvalkokeria frå denne tida var gamle ombygdepassasjerbåtar.
Imellomkrigstida kom ein ny type spesialbygde kvalkokeri med eit nytt arrangement der kvalen vart heist inn på eit skråplan akterut på skipet og opp på eit dekk med flenseplan og kjøtplan – ein såkallaopphalingsslipp. Mannskapa heldt hus akterut, medan offiserane heldt til forut. Midt over planet lågvinsjhuset. Kvalskrotten hamna først på eit flenseplan, restane vart drege vidare fram til kjøttplan. Iskroget under dekket låg sjølve kokeriet og oljetankane.
Ein kvalfangstekspedisjon ipelagisk fangst trong forsyningar, og tankane om bord på kokeriet var ikkje store nok til å romme fangsten til ein sesong. Kokeriet fekk difor fleire gonger i løpet av sesongen besøk av tankbåt.