Kurdarane (kurdisk کورد /Kurd) er eit folkeslag som held til iMidtausten, i hovudsak i eit landområde som vert kallaKurdistan. Dette området består for ein stor del av fjell, og tilhøyrer formeltTyrkia,Syria,Irak ogIran. Kurdarane vert difor rekna som den største etniske folkegruppa i verda utan ein eigennasjonalstat.
Å rekne ut mengda kurdarar nøyaktig er vanskeleg då kjeldene spriker noko. Mengda kurdarar som lever i detsørvestlege Asia er berekna til rundt 25-30 millionar i følgjeStore Norske Leksikon, med ytterlegare éin million som lever utanfor dei tradisjonelle kurdiske områda. Kurdarar er den fjerde største etniske gruppa iMidtausten etterarabarar,persarar ogtyrkarar.
I samsvar medStore Norske Leksikon utgjer kurdarane 12-15% av folkesetnaden i Tyrkia, medanThe World Factbook oppgjev at kurdarar utgjer 18% av folkesetnaden iTyrkia[1], 15-20% iIrak, kanskje 8% iSyria,[2] 7% iIran og 1,3% iArmenia. I alle desse landa, utanom Iran, utgjer kurdarar den nest største etniske gruppa. Grovt rekna bortimot 55% av alle kurdarar i verda lever i Tyrkia, rundt 18% i høvesvis Irak og Iran, og noko over 5% i Syria.[3]I samsvar med David McDowall i bokaA modern history of the Kurds (2000)[4] utgjorde kurdarar i 1991 19% av folkesetnaden i Tyrkia, 23% i Irak, 10% i Iran, og 8% i Syria. Den totale mengda kurdarar i1991 var i denne berekninga plassert ved 22,5 millionar, med 48% av denne mengda som levde i Tyrkia, 18% i Irak, 24% i Iran, og 4% i Syria.[5]
Dei fleste kurdarar snakkarkurdisk, eitindoeuropeisk språk. Språket har fleiredialektar, derkurmancî (nordkurdisk) ogsorani (sentralkurdisk) reknast som dei to viktigaste.
Dei to hovuddialektane har fleire underdialekter. Hovuddialektane er såpass ulike at det kan vere vanskeleg for personar frå ulike delar av Kurdistan å forstå kvarandre. «Badinani» er ein av dei dialektane som ofte vert brukte i den nordvestlege delen av irakisk Kurdistan.
Kurdisk språk vert i varierande grad diskriminert i Syria, Iran og Tyrkia. Situasjonen i Tyrkia er kraftig forbetra i seinare år. Irak har godkjent kurdisk som eit av dei offisielle språka i landet, ved sida avarabisk. Tyrkia oppheva det lovfesta forbodet mot publisering på kurdisk i 1991, og har etter det gjennomført ei rekkje reformer, særleg under Velferds- og rettfersspartietAKP. Tyrkia har blant anna oppretta ein nasjonal kanal, TRT-6, som sender på kurdiske heile døgnet, og det er vorte tillate å undervise i (men ikkje på) kurdisk. Frå og med skuleåret 2012 kan kurdisk veljast som valfag i grunnskulen i Tyrkia, men berre 21000 elevar hadde nytta seg av tilbodet ved skulestart i 2012.[6][7] Kurdisk har fått større plass ved tyrkiske universitet. Blant anna vart Fakultetet for Kurdiske Språk oppretta i Universitetet iBatman i Tyrkia, og sidan 2011 har Universitetet iMardin tilbode mastergrad i kurdisk. Universitetet iDicle har òg byrja å tilby kurdisk som valfag for legestudentane sine.[8] Kurdiske publikasjonar vert tillatne i ei viss grad i Iran, føresett at dei går igjennom den strengesensuren i landet. I Syria er kurdisk heilt forbode.
Kurdistan er eit geografisk område i Midtausten der kurdarane utgjer fleirtalet av folkesetnaden, men området har aldri eksistert som ein eigen nasjonalstat. Undermellomalderen og deiottomanske ogpersiskeimperia fanst det fleire meir eller mindre sjølvstyrte kurdiskefyrstedøme.
Etterførste verdskrigen vart kurdarane lova eit eige land avvestmaktene, men dåMustafa Kemal innlemma heileAustanatolia iden tyrkiske republikken falle dette høvet bort. Kurdarane har likevel aldri oppgjeve vona om å få ein eigen stat. Dette ønsket er vorte styrkt av presset frå tyrkarar, arabarar og persarar for å utslette den kurdiske kulturen og identiteten.
I 1947 vart det med sovjetisk støtte oppretta ein kurdisk republikk med hovudstad iMahabad (Iran). Republikken overlevde berre i eitt år, men fekk stor kulturell og andeleg tyding.
Kurdarane i Irak har sidan 1991 hatt eit reelltsjølvstyreområde der det i dag bur kring seks millionar menneske. Den kurdiske kontrollen vart utvida, og kurdarar fekk sentrale posisjonar i irakiske styreorgan etter parlamentsvala i 2004 og 2005. I 2005 vartDen kurdiske regionale regjeringa med sete iHewler respektert i den nye irakiske grunnlova.Barzani er i dag president for den autonome provinsen Kurdistan.
Kurdarar i Syria har underborgarkrigen i landet etablert sjølvstyre i tre regionar under den felles nemningaRojava.
↑World Factbook rapporterer at ikkje-arabarar utgjer opp til 9,7% av den syriske folkesetnaden, men oppgjev ikkje eigne tal for kurdarane. Sidan Syria består av ein storarmensk folkesetnad synst 8% å vere eit rimeleg prosentandel.