Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kunnskapslaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SkulpturenBig Fish ellerSalmon of Knowledge i Belfast.

Kunnskapslaksen (irskbradán feasa ellereó fis, engelskSalmon of Knowledge) er einlaks som opptrer iirsk ogwalisisk mytologi.

Irsk mytologi

[endre |endre wikiteksten]

IFinn-syklusen opptrer ein kunnskapslaks to gonger i samband medFionn mac Cumhaill.[1] I den best kjende versjonen av soga et ein laks som held til i kunnskapsbrunnern (Connla's Well,Well of Wisdom elleran Tobar Segais) nøtter frå ni hasseltre, noko som gjev han all kunnskap i verda. Den første som et han vil i sin tur overta kunnskapen.[2]

DiktarenFinn Eces eller Finegas ventar i sju år på å fanga denne fisken. Etter å endeleg ha fanga han, gjev han laksen til tenaren sin Fionn, son avCumhaill, som får i oppdrag å steika hen men ikkje på nokon måte eta han. Fionn vender laksen over elden, men brenn seg når han rører laksen med tommelen. Han stikk tommelen i munnen, og blir dermed den som får kunnskapen frå laksen. Finegas merker visdommen som skin ut av auga til guten, og spør om han har ete av laksen. Fionn seier nei, og forklarer kva som har skjedd. Finegas forstår at Fionn har fått kunnskapen frå fisken, og gjev han resten av laksen til å eta. Seinare kan Fionn få all verdas kunnskap ved å bita seg i tommelen. Dette gjer at han kan leia dei irske heltaneFianna.[3][4] Laksen blir kjend somFintan etter han.[1]

I ein annan variant fangar Fionn sjølv kunnskapslaksen ved Assaroe. Denne laksen er kjend somGoll Essa Ruaid, 'den einøygde fisken frå Assaroe'.[1]

Andre soger fortel om kvinner som et kunnskapslaksen, sjølv om dei har forbod mot å gjera det. Ei av dei er Sionann, eit barnebarn avLir. Ho fangar ein kunnskapslaks iOsraige, ellerOssory, som har fått all kunnskapen sin gjennom å eta rognebær.[1] Straks etter at ho har ete laksen fløymer vatnet over og ho druknar. Dette skal ha skaptelva Shannon.[5]I ei liknande soge, fortald iDindsenchas,[6] skapar gudinnaBoann elvaBoyne ved å eta ein kunnskapslaks frå kunnskapsbrunnen og også bli drepen i ein flaum.[7]

Walisisk og annan mytologi

[endre |endre wikiteksten]

Walisisk mytologi har ein kunnskapslaks kalla Llyn Llyw som sym langs elvaSevern og er «den eldste som lever» og «den visaste av førti dyr».[1] HeltenCulhwch får hjelp av laksen til å finna og reddaMabon ap Modron.

SkaldenTaliesin skal ha fått evnene sine på ein liknande måte til Fionn, ved å suga magiske dropar frå tommelen sin. Seinare i soga forvandlar han seg til ein fisk, og endå seinare blir han funnen gjennom laksefiske.[8]

Motivet med å få kunnskap ved å eta eit særskilt dyr er utbreidd i europeisk folklore. Det er rekna som type 673 iAarne–Thompson–Uther-klassifiseringa, og er særleg funne i Sentral- og Aust-Europa, men også i Skottland, Irland, Skandinavia, Baltikum og tidvis også utanfor Europa.[9] I dei fleste sogene det er snakk om får ein kunnskap gjennom å eta ein slange; det er mogleg at laksen er ei erstatning for slangen (sidan det ikkje finst slangar i Irland).

I nyare kultur

[endre |endre wikiteksten]
Nokre av skjela til skulpturenThe Big Fish ellerSalmon of Knowledge.

Kunnskapslaksen er nemnd i filmenThe Wicker Man då 1973 . Neil Howie leiter etter ei sakna jente, og finn eit fiskekostyme i eit skap. Huseigaren fortel han at det er kostymet hans som «The Salmon of Knowledge».

I 1999 blei det reist ein skulptur av ein stor laks iBelfast, for å feira at laksen hadde kome tilbake tilLagan. Statuen avJohn Kindness er blitt kallaThe Salmon of Knowledge,Bigfish ellerThe Big Fish.[10] Fisken er dekt av keramiske fliser som tek for seg historia til Belfast. Lokalt heiter det at ein kan oppnå lukke eller kunnskap ved å kyssa laksen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,31,4MacKillop, James (1. januar 2004).«salmon» (på engelsk). Oxford University Press.ISBN 978-0-19-860967-4.doi:10.1093/acref/9780198609674.001.0001/acref-9780198609674-e-3455. 
  2. SEANETTA, ssm67alba.«The Big Fish». Atlas Obscura. Henta 21. june 2020. 
  3. Ériu (på engelsk). Royal Irish Academy. 1904. s. Kuno Meyer, "The Boyish Exploits of Finn", pp. 185–186. 
  4. «The Boyhood Deeds of Fionn mac Cumhaill».www.maryjones.us. Henta 5. januar 2021. 
  5. «Legendary Fictions of the Irish Celts: How the Shannon acquired its Name»,www.sacred-texts.com, henta 6. mars 2021 
  6. MetricalDindshenchas,Vol 3,poem 2: "Boand I" (red. Edward Gwynn) vedCELT.
  7. C. Squire, Celtic myth and legend, Dover Publications, s. 55, 2003.
  8. «The life of Taliesin the bard». BBC Wales. Henta 18. juni 2020. 
  9. Ranke, Kurt (2010).Enzyklopädie des Märchens: Suchen-Verführung (på tysk). Walter de Gruyter. s. 647.ISBN 978-3-11-023767-2. 
  10. «The Big Fish».Guide to Public Art. Arts Council of Northern Ireland. Arkivert fråoriginalen 22. januar 2003. 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kunnskapslaksen&oldid=3325894»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp