Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ktoniske gudar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Votivtavle for ktoniske gudar i eit relieff, nasjonalmuseet i Aten, opphavleg iTegéa.

Ktoniske gudar er guddommar igresk mytologi som tilhøyrer underjorda (frågresk χθονιος, «som høyrer til jorda», «jordnære», eller meir nøyaktig «i eller under jorda», frå χθών, khthōn, «jorda», bokstaveleg «underjordisk».[1]

I gresk mytologi viserkhthon til gudane i underverda eller andar i det indre av jorda, framfor dei knytte til overflata eller ytret til jorda (eit område som tilhøyrerGaia) eller «land» (som tilhøyrer χώρα,khora). Det finst lite informasjon om ktonisk religion i dei litterære kjeldene frå antikken, bortsett frå dramatikarenAiskhylos. Det er også få arkeologisk spor etter dei ktoniske gudane, etterosm dei vanlegvis ikkje blei dyrka i tempel. Dei stod likevel for ein viktig del av gammalgresk religion.[2]

Ktonisk kontra olympisk

[endre |endre wikiteksten]

På norsk har «jordguder» eller «jordiske gudar» ei ulik tyding.Khthonie ogkhthonios hadde ei meir nøyaktig og teknisk tyding iHellas i antikken, og spelte framfor alt på offerkulten kring guden. Mannlege guddommar fekk ofte tilnamnet Χθόνιος,Kthonios, til dømes kunneHades bli omtalt som ZevsKthonios, herskaren av underverda, og den tilsvarande hokjønnsforma var Χθονία, Kthonia, som medPersefone, ektemaken til Hades.[3] Tilsvarande varerinyene, «dei mørke» eller «dei sinte», kvinnelege ktoniske hemngudinner; dei blei tidvis refererte til som «helvetes» eller rettare, «underjordiske gudinner» (χθόνιαι θεαί).[4]Hesiod nytta det kollektive omgrepetkthonioi fortitanane.[5]

I den ktoniske kulten blei offerdyret slaktet i einbothros, «grop» ellermegaron, «nedsenka kammer». Ikulten kringdei olympiske gudane blei i staden dyret ofra på einbomos, eit «alter». Dei ktonske gudane hadde dessutan ein forkjærleik forsvarte offer framforkvite, og gåvene blei ofte brende fullstendig før dei blei gravlagde framfor å bli tilrettelagde og delte ut blant tilbedarane.

Overlappande kult og funksjon

[endre |endre wikiteksten]

Fruktbarheit var knytt til dei ktoniske gudane og gudinnene, men dei olympiske gudane var heller ikkje likegyldige med omsyn til jorda si fruktbarheit. Såvel Demeter som Persefone overvaka fruktbarheita, men kulten som omgav Demeter var olympisk medan den til Persefone var av ktonisk art. Forskjellen mellom gudane i fjellet og dei under jorda blir endå meir mørklagt då både Demeter og Persefone blei dyrka med ein identisk kult. Likevel blei Demeter framstilt som «olympisk» i mytar og dikt.

Det fremste symbolet på ktonisk religion varslangen, som og generelt står for eit dualistisk uttrykk av det gode og det vonde.Modergudinna hadde ofte slangar som tenarar, tidvis tvinna rundt den heilage staven hennar som påKreta i oldtida, og slangane blei dyrka som vaktarar av mysteria hennar for fødslar og gjenfødingar.[6][7]Atene var lenkja til dei mørke, ktoniske kreftene, og kanskje den som kom nærast ein syntese av to motstridande tendensar i gresk religiøs tankeverd. Slangen var avbilda på hennaraigis, brystplate, og randa påskjoldet hennar hadde ein slange som krølla seg rundt på den statuen,Athene Parthenos, som Feidias designa forParthenon, kultstaden i Aten. Erekhtheion påakropolis i Aten, der Atene Polias blei dyrka, var ein heilagdom delvis innvigd til ktonisk religion.[8]

Mellom kategoriane

[endre |endre wikiteksten]
Hekate avWilliam Blake, 1795

Dei to guddommelege sfærane var ikkje heilt vesensforskjellige eller skilde. Nokre olympiske gudar somHermes ogZeus kunne bli gitt ktoniske offer ogepiteta på enkelte stader og ifølgje kvar ein var kunne menneske bli opphøgde til gudar, slik tilfellet var medHerakles ogAsklepios, og dei blei æra som anten gudar eller ktoniske heltar.

Nokre gudar lèt seg ikkje klassifisera etter desse omgrepa. TilHekate ofra ein til dømes hundekvalpar ved vegkryss, det vil seia noko heilt anna enn ein olympisk kult, men samtidig ikkje den typen kult ein assosierte med Persefone eller heltane. På grunn av dei underjordiske oppgåvene sine blei likevel Hekate som regel klassifisert som ein ktonisk guddom.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Chthonios» i: Liddell, Henry George; Robert Scott, A Greek–English Lexicon, hos Perseus.
  2. Garland, Robert (1992):Introducing New Gods: The Politics of Athenian Religion, Cornell University Press, s. 29
  3. Herodotos 6, 134, 1; 7, 153, 2.
  4. «Erinys» i: Harper, Douglas:Online Etymology Dictionary.
  5. Hesiod:Theogonien, 697.
  6. «Principal Greek and Roman Gods»
  7. Roderick, Hilda; Davidson, Ellis (1988):Myths and Symbols in Pagan Europe: Early Scandinavian and Celtic Religions. U.K.: Manchester University Press.
  8. Garland, Robert (1992):Introducing New Gods: The Politics of Athenian Religion], s. 30

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Fairbanks, A. (1900): «The Chthonic Gods of Greek Religion» i:American Journal of Philology21, s. 241–259
  • Schlesier, R. (1991–1992): «Olympian versus Chthonian Religion» i:Scripta Classica Israelica11, s. 38–51
  • Scullion, S. (1994): «Olympian and Chthonian» i:Classical Antiquity13, s. 75–119
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ktoniske_gudar&oldid=3572870»
Kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp