Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kryptozoologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kryptozoologi er jakta på, og «vitskapen» om,mytologiske dyr, ukjende dyr og/eller utdøyddedyr som ein meiner eksisterer sjølv om det ikkje finst bevis på at dei eksisterer.

Dyr i kryptozoologien vert delt inn i tre grupper:

  • Velkjende dyr på merkelege stader
  • Offisielt utdøydde dyr
  • Fantasivesen, sjømonster, sjøslangar og avskyelege snømenn og liknande

Kryptozoologar interesserer seg hovudsakleg for store ukjende dyr. Desse kan katalogiserast, anten som ukjente forvitskapen, dyr ein meiner er utdøydde men som framleis er i live, eller store dyr som finst i område dei ikkje burde vere. Det som går mykje igjen innan kryptozoologi ersjøormar,avskyelege snømenn/yeti, levandedinosaurar og storekattar i usannsynlege område som til dømesEngland.

Kryptozoologi kan såleis på den eine sida verte sette på som jakta på nye dyrearter – alt frå nyerundormar,mus,biller ellertigrar.

På den andre sida kan ein sjå på krytpozoologi som dyrkinga avfabeldyr, og uansett kor lite truleg det er å finne sjøorm iLoch Ness, einBigfoot iRocky Mountains, eller ein dinosaur iAfrika, så finst det alltid nokon som ikkje gjer opp trua på dei.

Ein kryptozoolog er ein ekspert på mystiske dyr. Kryptozoologi er ikkje eit eige yrke, men ein hobby. Mange kryptozoologar erzoologar,biologar eller har andre liknande yrke. Imellomalderlitteratur vart der skrivebestiariar som skildra fiktive dyr.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kryptozoologi&oldid=3419029»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp