Krypdyr ellerreptil er ein klassevirveldyr med ca. 8000 artar i 4 ordenar. Dei var dei første virveldyra som utviklaegg som klarte seg utanvatn, og utvikla seg for omkring 300 millionar år sidan.
Krypdyr finst i mange ulike variantar, som alle har det til felles at dei er vekselvarme og har tørr hud kleidd med hornplater eller -skjel. Dei er utbreidd i alle slagsbiotopar i heile verda, og alle saman (sjølv dei havlevande) pustar medlunger.
Reptilane formeirar seg ved indre befruktning og legg egg. I egga ligg fosteret i ei væskefylt pose med eiamnionhinne og eit læraktig skal utanfor. Nokre artarskjelkrypdyr før levande ungar, men det er fordi egga ligg inne i kroppen (ofte utan skal) heilt til fosterutviklinga er ferdig.
Krypdyra stammar fråamfibiane, som dei skilde seg ut frå for om lag 300 millionar år sidan. Det eldste kjende krypdyret vert kallaHylonomus og høyrde med i underklassenAnapsida, som vert kjenneteikna av massive hovudskallar utan opningar for anna enn augo, nasebor, munn og ryggrad.
Dei mest kjende forhistoriske krypdyra vardinosaurane, som høyrde til diapsidane og døydde ut for 65 millionar år sidan. Det er brei semje om atfuglane utvikla seg frå denne gruppa for om lag 150 millionar år sidan.
Krypdyra vert rekna som eiparafyletisk gruppe, det vil seie at organismane i gruppa ikkje naudvendigvis er nærare i slekt med kvarandre enn med medlemmar av andre grupper. T.d. erkrokodillane nærare i slekt medfuglar enn med andre reptil.