Krykkje (Rissa tridactyla) er ein fugl imåsefamilien. Krykkje vert ogso kalla fortretåmåse. Arten er kategorisert som globalt sårbar og sterkt truga i Noreg.
Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er svarte, medsymjeføter, men vantar baktå. Dei har svarte vengespissar. Kjønna er like. Ungfugl har ei gråspragla fjørdrakt, men dei karakteristiske svarte vengespissane er der. Krykkja er om lag jamstor medfiskemåsen, 350 gram og 40 cm lang.
Fuglen hekkar i koloniar i bratte fjellveggar (fuglefjell), ofte saman med alker og anna sjøfugl. Utanfor hekketida held krykkja seg berre til havs, der ho livnærer seg på små marine dyr og fisk.
Sidan år 2010 har krykkje vore ført opp i kategoriensterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[1]