Svartkrut vart mest truleg funne opp iKina, der det først blei brukt ifyrverkeri, på800-talet. Derifrå spreidde kunnskapen seg vestover medsilkevegen. Men det er vanskeleg å stadfeste nøyaktig og kor det vart funne opp.
Krut består avtrekol,svovel ogsalpeter. I antikken var ein godt kjend med eigenskapane til svovel og trekol. IEuropa vart likevel eigenskapane til salpeter først dokumentert avRobert Bacon ogAlbertus Magnus på1200-talet. Omkring1248 skildrar Bacon ein indirekte formel på svartkrut i boka si«De Secretis Operibus Artis et Naturae». Vidare gjev han oppskrifta for å lagakinaputtar i boka«Opus Majus» frå1268. Albertus Magnus skildrar, i ei bok han skreiv før han døydde i1280, ei oppskrift på ein kruttype for å laga «flygende flammar» (rakettar ogfyrverkeri).
IEuropa er det likevelmunkenBerthold Schwarz iFreiburg som blir rekna som opphavsmannen til krutet slik vi kjenner det. I europeisk samanheng starta ein å bruke krut i våpen frå omkring år1310, og det var det einaste praktiske sprengstoffet fram til slutten på1800-talet. I dag blir det mest bruka tilfyrverkeri.
I byrjinga var ikkje krutet blanda optimalt, og salpeteret var ikkje reint, men på1600-talet nådde ein tett på notidas optimale blandingsforhold: 75% salpeter, 10% svovel og 15% trekol.
På slutten av 1800-talet tok røykfritt krut over som drivstoff i skytevåpen. Det vart opphavleg framstilt ved å dyppebomull i ei blanding av konsentrertsvovelsyre og konsentrertsalpetersyre. I dag blir det bruka nitrocellulose, nitroglyserol eller blandinger av dette.