Oversyn over den menneskelegedøgnrytmen med nokre fysiologiske parametrar
Kronobiologi er eitvitskapleg felt der ein studerer periodiske (sykliske) fenomen i levandeorganismar og deira tilpassing tilsol- ogmåne-relaterte rytmar. Desse syklusane er kjende sombiologiske rytmar.
Den viktigaste rytmen i kronobiologi erdøgnrytmen, ein syklus på ca. 24 timar som viser seg i fysiologiske prosessar hjå planter og dyr. Andre rytmar, somtidevassryten, spelar også ei viktig rolle hjå mange organismar.
I 1960 handla det 25. årlege seminaret i kvantitativ biologi vedCold Spring Harbor Laboratory i New York om biologiske klokker. I tiåra før hadde mange forskarar studert døgnrytmar uavhengig av einannen. Deltakarane varbotanikarar,entomologar (insektforskarar),fysiologar,økologar, mikrobiologar og åtferdsbiologar, evolusjonære biologar og medisinarar. Dette møtet grunnla feltet kronobiologi; det var her desse vitskapskvinner og -menn skjønte at dei alle studerte det same fenomenet. Terminologi og metodar blei heretter samkjørde. Dei neste åra utvikla det seg to fraksjonar, èin leia avFranz Halberg som ville sjå på feltet frå ein medisinsk synsvinkel og éin leia avColin Pittendrigh som hadde bakgrunnen sin i den evolusjonære og økologiske biologien. Pittendrigh blei vald til leiar avSociety for Research in Biological Rhythms og grunnforsking på allslags organismar, plantar som dyr, følgde.[1][2]