Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kroatia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Republika Hrvatska

(norsk: Kroatia, kroatisk)

Det kroatiske flaggetDet kroatiske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Lijepa naša domovino»
MottoIkkje noko
Geografisk plassering av Kroatia
Offisielle språkKroatisk
HovudstadZagreb
Styresett
Parlamentarisk republikk
Kolinda Grabar-Kitarović
Andrej Plenković
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
56 594 km² (125.)
0,01 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
4 292 095 (124.)
75,8 /km² (103.)
Sjølvstende
25. juni1991
Nasjonaldag25. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
90 330mill.USD (82.)
22 100USD (63.)
ValutaEuro
TidssoneUTC +1
Telefonkode+385
Toppnivådomene.hr


Republikken Kroatia er eiteuropeisk land. Landet ligg vedAdriahavet og grensar tilSlovenia,Ungarn,Serbia,Montenegro ogBosnia og Hercegovina. Landet var tidlegare ein del avJugoslavia. Hovudstaden heiterZagreb. Kroatia vart medlem avDen europeiske unionen 1. juli 2013.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåKroatisk geografi.

Fastlandet er delt inn i to landområde, ei smal kystlinje langsBosnia-Hercegovina, og eit større område som strekkjer seg austover påBalkanhalvøya.

Terrenget er variert, og i nord og nordaust er det sletter, innsjøar og bølgjande åsar som utgjer terrenget. Desse områda omfattar dei sentrale områda ogSlavonia, i tillegg til delar avDen pannoniske sletta. ILika,Gorski Kotar ogDei dinariske Alpane finn ein tett skogkledde fjellområde. Kysten langsAdriahavet er kupert frå halvøyaIstria i nord, langs den nordlege kysten og sørover langsDalmatia.

Langs kysten av Kroatia ligg det 1 185 øyar, holmar og skjer, og 47 av desse er busette med til saman 121 606 innbyggjarar i 2001. Det er 651 øyar som ikkje er folkesette, og 467 holmar og skjer. Dei største øyane i Kroatia erKrk (410 km²),Cres (404 km²),Brač (396 km²),Hvar (298 km²),Pag (287 km²) ogKorčula (273 km²)

Dei lengste elvene i landet erSava som renn 562 km gjennom Kroatia (total lengd er 947 km),Drava 505 km (total lengde 707 km),Mura 438 km,Kupa 296 km ogDonau (kroatiskDunav) som renn 188 km gjennom Kroatia (elva si totale lengd er 2 857 km).Una er grenseelv mellomBosnia-Herzegovina og Kroatia. Den vart kalla "den første" av romarane som kom til dette området.

Dei dinariske Alpane strekkjer seg frå nord til sør gjennom landet, og iDalmatia ligg det høgaste fjellet,Dinara på 1 831 moh.

Landet er kjend for dei mangenasjonalparkane det har.

Administrativ inndeling

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåAdministrativ inndeling i Kroatia.

Kroatia er delt inn i 21fylke (kroatisk: županija), hovudstadsområdet er eit eige fylke.

  1. Zagreb fylke (Zagrebačka županija)
  2. Krapina-Zagorje fylke (Krapinsko-zagorska županija)
  3. Sisak-Moslavina fylke (Sisačko-moslavačka županija)
  4. Karlovac fylke (Karlovačka županija)
  5. Varaždin fylke (Varaždinska županija)
  6. Koprivnica-Križevci fylke (Koprivničko-križevačka županija)
  7. Bjelovar-Bilogora fylke (Bjelovarsko-bilogorska županija)
  8. Primorje-Gorski Kotar fylke (Primorsko-goranska županija)
  9. Lika-Senj fylke (Ličko-senjska županija)
  10. Virovitica-Podravina fylke (Virovitičko-podravska županija)
  11. Požega-Slavonia fylke (Požeško-slavonska županija)
  12. Brod-Posavina fylke (Brodsko-posavska županija)
  13. Zadar fylke (Zadarska županija)
  14. Osijek-Baranja fylke (Osječko-baranjska županija)
  15. Šibenik-Knin fylke (Šibensko-kninska županija)
  16. Vukovar-Srijem fylke (Vukovarsko-srijemska županija)
  17. Split-Dalmatia fylke (Splitsko-dalmatinska županija)
  18. Istria fylke (Istarska županija)
  19. Dubrovnik-Neretva fylke (Dubrovačko-neretvanska županija)
  20. Međimurje fylke (Međimurska županija)
  21. Zagreb (Grad Zagreb)

Klima

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåKroatisk geografi.
Boravind i Kroatia

Kroatia har eit forholdsvis variert klima.Middelhavsklima dominerer i kystområda, men fjellkjedene som ligg like innanfor kysten gjer området til eit av dei våtaste i Europa, og vestsida av Dei dinariske Alpane kan få så mykje som 4 000 mm i året, nedbørsmengder som kan samanliknast med dei våtaste områda påVestlandet iNoreg. Området får derimot lengre periodar med finvêr enn det Vestlandet får. Midtsommars er det stort sett berre sol, og dei indre områda kan få svært høge temperaturar. Den kaldeboravinden kan derimot gje ein god delvind i området.

Dei lågareliggande områda i nord eitkontinentalklima som er meir liktSentral-Europa.Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren erskya, sjølv i dei tørraste områda.Vind frå sør kan strøyme nordover, ogfønvind kan gje temperaturar over 10 °C, eller kaldluft (kalla kosavavind) fråKarpatane kan strøyme sørover. Fjella i vest vernar desse områda frå den kjøligare havlufta, så temperaturane om sommaren kan verta svært høge.

Demografi

[endre |endre wikiteksten]

I Kroatia bur hovudsaklegkroatar (89,6 %). Dei viktigaste minoritetsgruppene erserbarar (4,5 %),bosnjakar,ungararar ogitalienarar.

Etniske grupper i Kroatia.

Dei største byane er

Tala er frå folketeljinga i 2001.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

På 300-talet f. Kr. kolonisertegrekarar kystområdet ogkeltarar dei nordlege områda. Til 168 f.Kr. varIllyria eit eige kongerike somromarane la under seg og omdanna tilprovinsenIllyricum. I år 10 vart denne provinsen delt i to : provinsanePannonia ogDalmatia.Ved delinga av Romarriket i 395 hamna det som i dag er Kroatia iDet vestromerske riket

Landet vart folkesett av slavisktalande kroatar, som innvandra på 500-talet e. Kr. Dei vart omvende tilromersk-katolskkristendom600-talet.

Frå 910 til 1091 var Kroatia eit sjølvstendig kongerike. Tomislav 1., som regjerte frå 910, sameinte pannoniske og dalmatiskehertugdøme og vart krona som den førstekongen i Kroatia i 925 (kjeldene varierer mellom 923 og 928).

1102 kom landet underUngarn (personalunion 1102–1536, styrt avhabsburgarane 1537–1866, underlagtdobbeltmonarkietAusterrike-Ungarn 1867–1918).Slavonia i aust var 1526–1699 underlagtosmansketyrkarar, medanserbarar i 1578 vart inviterte av habsburgarane til å busetja seg i grenseområda tilDet osmanske riket, i området som vart kallamilitærgrensaKrajina.

Kroatia vart 1. desember 1918 ein del avSerbarane, kroatane og slovenarane sitt kongedømme (frå 1929Kongeriket Jugoslavia). Den nye statsdanninga var mykje dominert av serbarane, og tilhøvet mellom dei og kroatane var rimeleg dårleg.

Kart over den uavhengige staten Kroatia i 1941.

Den uavhengige staten Kroatia (1941)

[endre |endre wikiteksten]

Då aksemakteneTyskland ogItalia okkuperte Jugoslavia i 1941 såg somme kroatar sjansen til å oppnå sjølvstende frå serbarane, og det vart difor oppretta ein kroatiskfascist-stat, kalla Den uavhengige staten Kroatia (kroatisk Nezavisna Država Hrvatska, NDH), under leiing avAnte Pavelić og hansUstaša-rørsle. Offisielt vart hertugen av Spoleto av det italienske kongehuset konge av Kroatia under namnet Tomislav 2. , men han kom aldri til Kroatia, og abdiserte etter Italias kapitulasjon i 1943. Ustaša-regimet forfølgde serbarar,sigøynarar ogjødar på det grøvste. Særskilt illgjeten vart den kroatiskekonsentrasjonsleiren iJasenovac.

Del av Jugoslavia (1945–1991)

[endre |endre wikiteksten]

Etter 1945 vart Kroatia ein av dei seks delrepublikkane i detkommuniststyrte, føderativeJugoslavia, som stod under leiing av kroatenJosip Broz Tito. Kroatiske separatistar ogden katolske kyrkja vart forfølgde av kommuniststyresmaktene, og mange reiste i eksil. Konfliktane vart synlege igjen i Kroatia 1971, då Kroatia freista å skaffa seg større sjølvstyre, m.a. for å kunne få meir kontroll over dei økonomiske ressursane sine. Dette førte til utreinskingar i både partileiing og regjering etter det som vart kallaDen kroatiske våren (Hrvatsko proljeće eller masovni pokret (MASPOK), «masserørsla».

Sjølvstende frå Jugoslavia (1991–)

[endre |endre wikiteksten]

Parallelt med aukande serbisknasjonalisme iBeograd frå slutten av 1980-talet, auka òg den kroatiske nasjonalismen. Etter å ha halde folkeavrøysting 19. mai 1991, erklærte Kroatia seg som uavhengig stat den 25. juni 1991.Serbia og den jugoslaviskehæren JNA svarte medmilitærintervensjon for å sikra kontrollen over serbisk-befolka område i landet. Det vart ført harde kampar mellom serbiskeseparatistar;militsstyrker støtta av denføderale hæren, og kroatiske styrkar. Særleg gjaldt dette i Slavonia i nordaust, der byenVukovar etter å ha vorte omlægra, bombardert og skoten på i 87 døgn nærast vart heilt øydelagd og i Krajina-regionen, område der folket delvis var etniske serbarar. I 1991 var 59.7 % av befolkninga i Krajina og Slavonia etniske serbarar (331 619 personar etter folketeljinga 1991), 30.2 % kroatar (168 026) og 10.1 % andre (55 895)

Også byenDubrovnik i sør og andre byar langs Adriaterhavskysten var ei tid kringsette og vart bombarderte.

Ein eigen republikk for serbarane i Krajina (og Slavonia), Republika Srpska Krajina - forkorta RSK, vart proklamert den 19. desember 1991, med hovudstad iKnin. På sitt største omfatta RSK 17 028 km², dvs. 1/3 av Kroatiasterritorium. Rundt 80 000 kroatar og muslimar vart fordrivne frå området. Det varvåpenkvile frå februar 1992 ogFN-styrkar (UNPROFOR) vart utplasserte i området medan den jugoslaviske hæren JNA vart trekt ut.

Serbiske styrkar heldt Krajina-området inntil kroatiske styrkar i august 1995 rykte inn ("Operasjon Storm",kroatisk "Operacije Oluja" leia avAnte Gotovina) og 150–200 000 av serbarane flykta eller vart fordrivne.Kyrkjer,landsbyar ogkulturminne vart øydelagde og titusenar av hus vart brende. Aust-Slavonia vart inkorporert i Kroatia igjen den 15. januar 1998 etter ein fredsavtale.

Kroatia vart, etter å ha vorte internasjonalt anerkjent, medlem avFN i 1992 og avEuroparådet i 1996. Landet søkte i 2003 om medlemskap iDen europeiske union (EU).

NasjonalistleiarenFranjo Tudjman (kroatisk Franjo Tuđman) var landetspresident frå 1990 fram til sin død 10. desember 1999. I januar 2000 vann einallianse av sosialdemokratar og sosialliberale valet på nyttparlament, og i februar same år vartStipe Mesić vald til president. Ivica Račan frå Socijaldemokratska Partija Hrvatske (SPH),Kroatias sosialdemokratiske parti var statsminister januar 2000 til desember 2003. Etter valet 2003 vart han etterfølgd avIvo Sanader frå det nasjonalistiske partiet HDZ (Hrvatska Demokratska Zajednica,Kroatias demokratiske union).

GeneralAnte Gotovina, skulda forkrigsbrotsverk og ettersøkt avICTY (International Criminal Tribunal for the Former Yugoslavia) iHaag vart arrestert påKanariøyane den 8. desember 2005.

Politikk

[endre |endre wikiteksten]

Kroatia har sidan 2000 vore einparlamentarisk republikk. Presidenten er folkevald og vert vald for fem år om gongen, maksimalt to periodar. Presidenten er øvstkommanderande for dei væpna styrkane og har ei viss påverkingskraft på utanrikspolitikken. Presidenten utnemner statsministeren, som er den som har mest reell makt. Statsministeren må ha støtte i parlamentet, (Sabor), som vert vald for fire år om gongen. Ved det siste parlamentsvalet, 23. november 2003, vartHrvatska Demokratska Zajednica (HDZ) (Den kroatiske demokratiske unionen) det største partiet med 33,9 % av røystene. Statsministeren sidan då er HDZ sin leiarIvo Sanader.

Noreg har ambassade i Zagreb.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Statsspråket erkroatisk.italiensk har offisiell status i Istria. Kroatisk er eit sørslavisk språk, og nært i slekt medbosnisk ogserbisk. Før oppløysinga av Jugoslavia var det vanleg å rekna desse språka som eitt språk,serbokroatisk.

Kroatane er tradisjonelt romersk-katolske kristne, sidan 700-800-talet. I dag er 87,8 % av folket romersk-katolsk, 4,4 %ortodokse kristne og 1,3 %sunni-muslimar. Her er det snakk om religiøs identitet i «etnisk» tyding, kor mange som faktisk er religiøse er ei anna sak.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2024

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Kroatia
    Land vedMiddelhavet
    Suverene statar
    Statar med avgrensa anerkjenning
    Biland og andre territorium
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kroatia&oldid=3586623»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp