Kristin Krohn Devold | |||
![]() Kristin Krohn Devold i 2006 | |||
Fødd | 12. august1961 (63 år) Ålesund kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Norges handelshøyskole Universitetet i Bergen | ||
Mor | Kristin K. Devold | ||
Medlem | EOS-utvalet | ||
Verv | Norsk forsvarsminister 19. oktober 2001–17. oktober 2005 | ||
Føregangar | Bjørn Tore Godal | ||
Etterfylgjar | Anne-Grete Strøm-Erichsen | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1993–2005 | ||
Alle verv |
|
Kristin Margrethe Krohn Devold (fødd 12. august 1961 iÅlesund) er ein norsk politikar og organisajonskvinne.
Ho er utdannasiviløkonom fråNorges Handelshøyskole (1985), og starta politikarkarrieren sin som næringspolitisk rådgjevar for stortingsgruppa tilHøgre i åra 1987–1992. Deretter var ho bystyremedlem for Høgre iOslo frå1992 til1995, var kommunalråd frå 1992 til 1993 og heldt fram påStortinget frå1993 til2005. Der sat ho iNæringskomitéen (1993–1997), var leiar iJustiskomitéen (1997–2001) og var til slutt medlem avValkomitéen ei kort stund (2001). Ho var forsvarsminister iregjeringa Bondevik II frå2001 til2005.18. januar2006 vart ho generalsekretær iDen Norske Turistforening. Imai2008 vart Krohn Devold vald til styremedlem iTerra-Gruppen for å bidra til å gjenopprette tilliten til dette finanskonsernet. Krohn Devold er også nestleiar i styret iHexagon Composites ASA og styremedlem i allmennaksjeselskapaAker,Aker Floating Production,Odim ogComrod Communication.
Devold fekk til dels mykje kritikk i media og frå politiske motstandarar då ho var forsvarsminister. Ho vart mellom anna ofte skulda for å vere for ukritisk til den amerikanske utanrikspolitikken ogUSA sin forsvarsministerDonald Rumsfeld. Det vekte mykje rabalder då ho hjåFredrik Skavlan i programmetFørst & sist 1. november 2002 sa at ho ikkje hadde kontroll som forsvarsminister.[1]
Devold fekk også sterk kritikk for utnemninga avAtle Torbjørn Karlsvik som kontraadmiral i Statsråd2. september2005, då det vart stilt spørsmål om ho var inhabil grunna venskapen sin med Karlsvik. Utnemninga kom få veker før Krohn Devold gjekk av som forsvarsminister, og organisasjonane i Forsvaret var svært kritiske til utnemninga, som også vart gjord utan tilslutnad frå dei militære sjefane.
I 2005 vart Devold utnemnd til kommandør avSt. Olavs orden. Ho vart same året tildeltden polske fortenstordenen. I 2004 vart Devold tildelt ein latvisk medalje for å ha fremja latvisk medlemskap iNATO.