Det let seg ikkje gjere å definere innhaldet i kristen tru eintydig, sidan ulike kristne samfunn kan ha ulikt læregrunnlag. Felles for fleire kristne samfunn, er
Trua på ein evigGud[1] (Etter kristen lære har ingen nokon gong sett Gud,[2] og det vil blant kristne finnast mange ulike gudsbilete.)
Trua på det dualistiske prinsippet, at det finst ein vond kraft, ein djevel, som utgjer den diametrale motsetnaden til Gud, som står for det einaste gode, og at menneska har evne til å velje mellom å underkaste seg denne vonde krafta eller Gud. Menneska vert freista av den vonde krafta, og må stå imot for å velje det gode.
Trua på at Gud let seg føde på Jorda somJesus Kristus, for å openberre seg for menneska (Joh. 17.6), at han tok på seg skylda forsyndene til menneska, at han vart avretta påkrossen og at han stod opp frå dei døde.
Trua på at det finst eit fellesskap av kristne som fortel vidare det Gud gjennom Jesus har lært menneska, og at Guds Heilage ande er til stades i dette fellesskapet (Matt. 28.20).
Trua på at kvar den som trur på Jesus Kristus har evig liv i han (Joh. 3.16).
Trua på at kvar den som trur på Jesus Kristus har evig liv i han, heng saman med ei tru på dommedag. Det skal kome ein siste dag i denne verda då kvart einaste menneske, både dei levande og alle dei tidlegare avlidne, skal stå til rette framfor Gud/Jesus for sitt liv og sine gjerningar. Deretter kjem det eit framtidig liv i eit guddommeleg paradis for dei som vert godteke som meir eller mindre syndfrie, eller som vert tilgjevne sine synder. Somme kyrkjesamfunn legg stor vekt på at dei menneska som ikkje stetter krava til å få ein slik dom, vert teke til eit underjordisk helvete der dei vert pinte i all framtid, medan andre kyrkjesamfunn legg mindre eller inkje vekt på denne såkalla helveteslæra, men poengterer at Gud er god og har stor vilje til å tilgje menneska syndene deira.
Dei heilage skriftene til den kristne kyrkja er samla iBibelen. Han omfattarDet gamle testamentet, som er basert på den jødiskeTanákh, ogDet nye testamentet, som fortel om livet og læra til Jesus og disiplane hans, og omapostlane si rettleiinga av dei første kristne kyrkjelydane. I tillegg har kyrkjene utvikla forskjellige kristnevedkjenningsskrift.
Religionen var først ei av mange jødiske sektar i den daveranderomerske provinsenJudea. Han spreidde seg til fleire delar av verda, somIndia,Etiopia,Egypt ogRomarriket. Kristendommen har blitt farga av dei samfunna han har utvikla seg i, slik at han frå først av vart påverka avhellensk kultur, sidan av romersk kultur. I år312 e.Kr. vart den romerske keisarenKonstantin I kristen, og året etter innførte han kristendommen som statsreligion i Romarriket.
Noreg blei kristna rundt år 1000, og kristendommen fekk sitt endelege gjennombrot i statsstyringa etter atOlav den heilage fall påStiklestad.Sjølv om Olav den heilage fekk størstedelen av æra for å ha kristna Noreg, tok prosessen mykje lengre tid enn dette. Den første kristne kongen i landet varHåkon Adalsteinsfostre, som regjerte i tida 935-961. Han blei døypt iEngland, der han blei fostra opp. OgsåOlav Tryggvason (regjerte i perioden 995–1000) var kristen. Han blir òg rekna som den første som bygde kyrkje i landet.