Krigsbrotsverk ellerkrigsbrottsverk er ei straffbar handling underinternasjonal lov som inneber folkerettslege brot avkrigsreglar og skikkar for krigføring. Krigsbrotsverk kan vere utført mot andre soldatar, mot sivile personar eller mot eigedom i okkuperte område.
Krigslovbrot er eit viktig punkt i internasjonal humanitær lovgjeving. I fleire tilfelle har internasjonale tribunal blitt samankalla for å straffeforfølgje krigsforbrytarar, som for eksempel iNürnbergprosessen, Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegareJugoslavia og Det internasjonale krigsforbrytertribunalet forRwanda. Det er vanleg at krigslovbrot gjort av den sigrande parten i ein krig ikkje blir forfølgd, best illustrert ved Nürnbergprosessane, noko som har fått fleire til å stille spørsmål ved slike prosesser. Domstolane oppretta i nyare tid av f.eks.FN er meininga å vere nøytrale og dømme krigsforbrytarar frå alle nasjonar heilt likt, men dette har også blitt gjenstand for kritikk frå enkelte organisasjonar.[treng kjelde]
Krigsbrotsverk, som til dømeslandsvik, har eksistert i vanleg lov hjå ulikesivilisasjonar i mange hundre år. UnderHaagkonvensjonane i 1899–1907 vart mange av desse universale reglane om krigsbrotsverk teke med som del av den internasjonale loven.Den fjerde Haag-konvensjonen (18. oktober 1907) kom med ein artikkel som er delt inn i ulike kapittel som mellom anna omhandlar handsaminga av:
Artikkel 22 seier mellom anna at «Retten til dei stridende til å skade fienden ikkje er uavgrensa, og i laupet av dei siste hundre åra har det vorte mange nye lovar som set grenser for dei stridande.» Somme av desse reglane, som t.d. Haag-konvensjonen, vert rekna som ein del av vanleg internasjonal lov, og er bindande for alle. Andre reglar gjeld berre for medlem av organisasjonar som har godteke dei. Døme på dette er avtaler om bruk avbiologiske ogkjemiske våpen, og bruken av ulike typarammunisjon.
Slobodan Milošević blei også tiltalt for krigslovbrot, men han døydde før prosessen var ferdig.
Det har ved fleire høve blitt hevda at lovgjevinga i samband med krigslovbrot favoriserer sigerherrane i krigen. Døme på dette er dei allierte sine øydeleggingar av sivile mål under begge verdskrigane, bruken avatomvåpen overHiroshima ogNagasaki, samt den indonesiske okkupasjonen avAust-Timor som varte frå 1976 til 1999.
↑Ved eit massemord i krigstid kan delar av handlinga vere klassifisert som eit krigslovbrot, medan andre ting går under det meir generelle omgrepet lovbrot mot menneskja.