Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kreft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Treng oppdatering Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åoppdatere han.(2023)
Kreft

Klassifikasjonar og ressursar
Eit CT-bilete som syner vondarta kreft

Kreft er eit samnamn på sjukdomar der ukontrollert cellevekst øydelegg vev i kroppen. Namnet kjem frålågtysk og har same opphav somkreps etterlatincancer, dette fordi ein meinte at svulsten ved brystkreft, likna ein kreps.

Ein svulst av kreftceller kallast fortumor. Ein tumor kan vere godarta eller vondarta. Ein malign tumor får dottersvulstar,metastasar, i andre delar av kroppen, fordi kreftceller fell frå mortumoren, vandrar i blodbana og landar i andre vev der det veks fram nya tumorar.

Kreftsjukdomar vil i om lag 50 % av tilfella føre til at pasienten er død innan 5 år (dersom pasienten er behandla med moderne medisin). Det er stor skilnad i dødsstatistikken ut i frå kor tumoren sit i kroppen. Enkeltehudkreftformer er det 99 % som overlever i 5 år, mens det berre er 1 % som overlever kreft ibukspyttkjertelen. Medisinsk behandling av kreft er blitt betre dei seinare åra og det blir nytta store krefter på forsking for å gjere dette tilbodet enno betre.

Kreft skyldast bådearveanlegg, alder og ulikemiljøfaktorar, som t.d.tobakkrøyk ogradioaktive stoff.

INoreg vart det i 2001 rapportert 22 468 nye tilfelle av kreft. I 2000 vart det registrert 10 447 dødsfall som skyldast kreft.[treng kjelde]

Behandlingsmetodar

[endre |endre wikiteksten]

Det er mange som trur at samansmeltinga avbioteknologi,nanoteknologi ogmedisin dei neste tiåra, skal føre til ein endeleg slutt på kreft og andre alvorlege sjukdomar.

Krefttypar

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:kreft
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kreft&oldid=3515675»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp