Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Koto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koto

Klassifiseringklimpreinstrument, røyrsiter, tradisjonelt japansk musikkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering312.22-6

Koto (kanji 筝) er eit tradisjoneltjapanskmusikkinstrument, einlangsiter med 13-strengar. Strenginstrumentet kom til Japan frå Kina på 700-talet, opphavleg som del av hoffmusikken gagaku. Gjennom mange hundreår utvikla det seg ei særeigen musikktradisjon for instrumentet, kotomusikken (sokyoku 筝曲), uavhengig frå orkesteret gagaku. Den klassiske kotomusikken i dag går attende til 1600-talet. Det finst også eit stort utval nyskapande samtidsmusikk for koto i dag. Koto er i slekt med andre austasiatiske langsiterar, som kinesiskguzheng, koreanskkayagum/gayageum og den vietnamesiske langsiterenđan trành.

Instrumentet er vanlegvis laga av trevirke frå laget av keisartre (Paulownia tometosa), og er om lag 190 cm langt.[1] Det er utforma som ein boga langsiter med 13 strengar som går over 13 flyttbare stolar. Ulike skalaer kan stemmast ved å flytte på stolane. Strengene er tradisjonelt avsilke, og er vanlegvis stemt i einfemtoneskala.[1]

Tradisjonelt klimprar ein strengane medfingerplektrar på høgre tommel, peikefinger og langfinger. Halv- og heiltonar over strengetonen og vibrato får ein fram ved å presse strengen ned med venstre hand, på venstre sida av stolen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Aksdal, Bjørn (22. november 2022).«koto – musikk».Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Dennemusikkartikkelen som har medJapan å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Koto&oldid=3478560»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp