Korporal (viafransk, fråitaliensk «førar», avcapo «hovud») er eimilitær grad formeinige (verva eller vernepliktige)soldatar eller underoffiserar. I Romerriket blei dei kalladekurion.
I Noreg er korporal (korp) ei grad iHæren ogLuftforsvaret, tilsvarandeutskriven leiande meinig (ULM) iSjøforsvaret. Den norske korporalsgrada tilsvararNATO-grada OR-4. Etter at disiplinærreglementet av1987 blei innført, har ei korporalsgrad ikkje lenger noko juridisk tyding. Korporalsgrada blir ofte tildeltlagførarar eller til meinige med stillingar i tropps- eller kompanistaben. Det er varierande praksis frå avdeling til avdeling. Ein korporal fekk kr 18,40 kr ekstra pr. dag i2009.
Det blir skilt mellom tre underkategoriar:
- Utskrive befalskurs utdammarUB-korporalar, desse blir i sjøforsvaret kallakvartermeisteraspirant), ein vernepliktig som gjer teneste som befal og skal behandlast som befal.
- Befalsskuleelev, elev på befalsskulen i utdanningsåret.
- Korporal, ein vernepliktig som har blitt forfremma til korporal fordi stillinga hans krev det eller for godt utført arbeid. Graden er mellombels, og når korporalen dimmiterer er han igjenmeinig.Distinksjonane til ein korporal er to vinklar, mens ein ULM har ei krone.