Revitaliseringa av kornisk tar til med Henry Jenner sitt arbeid, i 1904. Etter det har det vorte utarbeidd fire ulike revisjonar av Jenner sitt arbeid, basert dels på ulike periodar av klassisk kornisk, og dels på ulike ortografiske prinsipp.
- Sameint kornisk, Unified Cornish (Nance: Kernewek Unyes)
- Moderne kornisk, Modern Cornish (Gendall’s Curnoack Nowedga)
- Felles kornisk, Common Cornish (George’s Kernewek Kemmyn)
- Revidert sameint kornisk, Unified Cornish Revised (Williams’ Kernowek Unys Amendys)
Sameint kornisk (Unified Cornish, UC) vart innført avRobert Nance med læreboka hansCornish for All, 1929, og det representerer den første splittinga i revitaliseringsarbeidet til kornisk. Til skilnad frå Jenner, som tok utgangspunkt i 1700-talskornisk (moderne kornisk / seinkornisk), ville Nance sameine revitalisert kornisk med mellomalderkjeldene (derfor namnet). Sameint kornisk var det første praktiske framlegget til eit revitalisert kornisk, og det var i nesten 60 år den einaste standarden for revitalisert kornisk. Stavemåten var standardisert, og det Nance laga ord på basis avwalisisk ogbretonsk som ikkje var belagt i korniske tekstar, og publiserte dei i dei kornisk ordbøkena (1934, 1938).
På1970-talet var sameint kornisk kritisert for ikkje å vere i stand til å uttrykke ein del fonologiske distinksjonar som må ha vore til stades i klassisk kornisk. Tidleg på1980-talet publiserteRichard Gendall eit nytt system som var basert på1700-tals-tekstar, t.d. Nicholas og John Boson, William Rowe og Thomas Tonkin. Dette systemet vart av tilhengarane kalla moderne kornisk, eller revidert moderne kornisk, for å skilje den moderne versjonen frå 1700-talskornisk. Motstandarane kalla det seinkornisk, for å la ordet "moderne" stå for all revitalisert kornisk.
Eit anna initiativ, som kom omtrent samstundes, kom fråKen George. I1986 presenterte han ei ny rettskriving,kernewek kemmyn, eller felles kornisk. Det tok utgangspunkt i mellomkornisk, men la ein fonologisk analyse til grunn, innretta ortografien etter denne fonologiske analysen, og presenterte reglar for uttale. Dette systemet fekk godkjenning avKesva an Taves Kernewek/The Cornish Language Board, og fleirtalet av dei kornisktalande bruker dette systemet.
Felles kornisk møtte kritikk, ein av dei meir systematiske kritikarane varNicholas Williams, som i1995 presentertekernowek unys amendys, eller revidert sameint kornisk. Dette systemet bygde, som namnet seier, vidare på sameint kornisk, og det la mellomkornisk til grunn. Revidert sameint kornisk prøver også å vere eit regelmessig system, men samanlikna med felles kornisk ligg det nærare dei attesterte tekstane.