Kornett er eitmessingblåseinstrument som liknar mykje på trompeten, men er eigentleg nærare i slekt medhornet. Alle messingblåseinstrument har det til felles at dei er ei vidareutvikling av signaltrompeten. Signaltrompeten bestod av munnstykke og sjallstykke med eit langt røyr imellom. Ein fann etterkvart ut at for å gjere det mindre, kunne ein berre bøye det saman i forskjellige retningar. Seinare vart det gjort endringar som skilde instrumenta frå kvarandre, slik som ventilar, slider og klaffar. Slik kom altså hornet til, og ved å forminske det og å bytte ut eventuelle klaffar med ventiler fekk ein kornetten.
Kornetten blir brukt spesielt ibrassband og messingensembler/-orkestre, men vert også brukt i andre besetningar og diverse musikkgenre som blant annajazz. Kjende trompetistar somLouis Armstrong ogOle Edvard Antonsen speler kornett i spesielle stykker der dette krevst.
Kornetten er eit av dei mest brukte instrumenta i korps og musikklag.