Kornellfamilien (Cornaceae) er ein plantefamilie ikornellordenen (Cornales).
Talet på artar og slekter varierer mykje mellom ulike forfattarar. Dette kjem særleg an på omsumptrefamilien (Nyssaceae) blir oppfatta som ein underfamilie av kornellfamilien, eller skild ut som ein eigen familie. IAPG III-systemet blei han rekan som ein underfamilie av kornellfamilien, men iAPG IV-systemet er han igjen ein eigen familie. SlektaAlangium med omtrent 24 artar er ofte blitt plassert i ein eigen familie, Alangiaceae, men blir no rekna som del av kornellfamilien.
Dette inneber at familien no omfattar rundt 85 artar fordelt på 2 slekter,Cornus ogAlangium. Norsk litteratur, somNorsk flora, 7. utg ogArtsdatabanken, splittar den store og ueinsarta slektaCornus i fleire slekter,[1] men særleg i amerikansk litteratur er det framleis vanleg å oppretthaldaCornus i vid forstand.[2]
Dei fleste artane i denne gruppa erbuskar ellertre, men det finst også nokreurter medjordstengel. Blada er heile med boga nerver. Dei sit spreidde eller motsett og er heilranda. Blomane er firtalige, og fruktene ersteinfrukter.
Cornus er utbreidd i deitempererte delane avden nordlege halvkula, og har også ein art iAndesfjella iSør-Amerika og ein iAust-Afrika.Alangium er utbreidd itropiske ogsubtropiske delar avAfrika,Asia,Australia og stillehavsøyane.
I Noreg er berreskrubbær (Cornus suecica [Chamaepericlymenum suecicum]) ogvillkornell (Cornus sanguinea [Swida sanguinea]) opphavleg viltveksande, men fleire hageartar finst forvilla og delvis naturalisert.
- ↑Lid, J. og D.T. Lid 2005.Norsk flora, 7. utg., redaktør: R. Elven, Samlaget, Oslo.
- ↑R.H. Eyde (1987). «The case for keepingCornus in the broad Linnaean sense».Syst. Bot.12 (4): 505–518.ISSN 1548-2324.JSTOR 2418886.doi:10.2307/2418886.