Koptisk er det siste steget iegyptiskspråkutvikling og er i slekt medspråketegyptarane nytta i oldtida. Språket er i dag klassifisert som eit dødt språk og har ingen morsmålsbrukarar. I dag talar og skriv egyptarane arabisk-egyptisk som er heilt ulikt koptisk. Koptisk er likevel framleis nytta som eitliturgisk språk, det vil seie i religiøse samanhengar. Det koptiske språket har same posisjon iden koptiske kyrkja som latin har i den katolske. Alfabetet dei nyttar vert kalla det koptiske alfabet og er basert på det greske. Dette språket er klassifisert som eitafroasiatisk språk. Namnet «koptisk» kjem frå det arabiske ordetqupt som igjen stammar frå det greskeAigyptos.
Det koptiske språket stammar frå det gamle egyptiske språket som var skrive med blant anna hieroglyfer. Dette forandra seg då kristendommen kom til Egypt grunna hellenistisk kulturpåverknad (det ptolemeiske riket) i tida etter Aleksander den store. Det egyptiske språket mista på den tida prestisja si og dei danna i Egypt byrja å nytte gresk. Ikkje ein gong herskarane av Egypt lærte seg språket, med unntak av Kleopatra. Det egyptiske språket vart fortsatt mest brukt av folket i Egypt og på denne tida var det klassifisert som sein-egyptisk ellerdemotisk. Spreiinga av kristendommen gjorde slik at hieroglyfane over tid kom ut av bruk og vart gløymt. Sidan mesteparten av befolkninga framleis tala egyptisk og ikkje gresk oppstod det eit naturleg behov for eit alfabet. Men det var nok også fordi kyrkja ønska å spreie læra til dei som ikkje kunne gresk. Hieroglyfeskrifta passa dårleg til denne religiøse oppgåva. Det egyptiske språket adopterte no det greske alfabetet. Men det måtte tilpassast for å romme alle lydane i språket, og her tok dei i bruk sju teikn frå den demotiske skrifta. No kunne dei greske kristne og den gresktalande administrasjonen av Egypt spreie kristendommen til befolkninga, og det er nettopp dette seinegyptiske språket skrive med det eit tilpassagresk alfabet somerkoptisk.
På 600-talet e.Kr. vart Egypt erobra av arabarane i den islamske ekspansjonen. Frå då av vartarabisk det offisielle språket i Egypt og er det framleis. Dette er ikkje eit uvanleg trekk i land som vart erobra i ekspansjonen. Det var religiøse motiv bak den og arabisk var det einaste språket som vart brukt til å studere og resitere dei muslimske tekstane. No var arabisk dei lærde sitt språk, og ikkje gresk. Gradvis forsvann koptisk som talespråk men det heldt fram å vere ein del av den koptiske kyrkja. Ein veit ikkje heilt nøyaktig når det koptiske språket døydde ut. Det er vanleg å foreslå at det skjedde på 1500- eller 1600-talet.
Det koptiske språket kunne delast inn i femhovuddialektar:- Sahidisk- Bohairisk- Fayyumisk- Akhminisk- Subakhmimisk,(Ei sjette dialekt har vore foreslått og vert kalla «oxyrhynkinsk»).I byrjinga varsahidisk den dominerande dialekten, men utover mellomalderen tokbohairsk over som ein slags offisiell versjon av språket. Det er bohairsk som i dag er nytta i den koptiske kyrkja.
I likskap med så mange andre døde språk kan vi ikkje vite nøyaktig korleis uttalen var. Truleg gjekk ein del av den originale uttalen tapt i transaksjonen frå hieroglyfane til det koptiske alfabetet.
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.