Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kontinentaldrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kontinentaldrift ellerkontinentdrift erteorien omkring dei langsame rørslene ijordskorpa. Den moderne forståinga vart utarbeidd på1960-talet, men teorien har røter langt tilbake. To av forløparane til denne teorien erteorien om kontinental drift oghavbotnspreiing.

Teorien til Wegener

[endre |endre wikiteksten]
Wegners si eiga rekonstruksjon av kontinentaldrift, 1929.

I1912 lanserte den tyskegeofysikarenAlfred Wegener teorien om kontinentaldrift. Denne teorien gjekk ut på at allekontinenta ein gong hadde vore samla i eitt kjempekontinent,Pangaea, og ifølgje Wegener «sprakk» dette områdde opp for 200 millionar år sidan, slik at kontinenta dreiv frå kvarandre.

Litosfæren består av ulike plater som grensar til kvarandre i ulike plategrenser.Kontinentalplater utgjer kontinent og tørt land.Havbotnplater (oceanplater) utgjer havbotn.

Dei ulike grensene blir identifisert ved måling avjordskjelvaktivitet, og blir delt inn i divergerande, konvergerande og transforme grenser. Havbotnspreiing skjer langs divergerande grenser, ellermidthavsryggar, der det blir danna ny havbotn. Konvergerande plategrenser oppstår der to eller fleire plater kolliderer. Ved kollisjon mellom kontinentalplater vil det byggjastfjellkjeder (orogenese), ved kollisjon mellom havbotnsplate og kontinentalplate vil havbotnsplata bli pressa under kontinentalplaten på grunn av den ulike oppbygginga ogeigenvekta til platene. Dette blir kalla eisubduksjonssone. Den nedadgående (subderte) plata vil etter kvart bli pressa så djupt ned at smelting byrjar. Smelta material stig til overflata, og dannar einvulkanboge. Ved kollisjon mellom to havbotnsplater vil den eldste (den kaldaste) plata bli pressa under den yngste, ogøybogar vil dannast av vulkansk aktivitet.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kontinentaldrift&oldid=2816159»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp