Konjakk,fransk:cognac, er ein typedruebrennevin oppkalla etter byenCognac iFrankrike, der drykken vert produsert og lagra i lang tid (minimum to år) på fat aveik for å få den særeigne konjakksmaken. Brennevinet må vere produsert i regionen ikring byen Cognac for å kunne kallast cognac. Tilsvarande druebrennevin frå andre område eller land må ha andre nemningar, og då vert det ofte nytta nemningar som til dømes detengelske ordet brandy, eller denfranske nemningaeau de vie.
Konjakk vert ofte delt inn i tre ulike gradar, etter alder:
VS (Very Special) – lagra minimum 2–4 år på eikefat VSOP (Very Superior Old Pale) – lagra 4-6 år på eikefat XO (Extra Old) – lagra minimum 6 år på eikefat
Nordmenn er eit av verdas mest konjakkdrikkande folk. Særleg iMidt-Noreg,Nordland,Troms ogFinnmark vert det seld mykje av dette brennevinet.