Einkongeleg resolusjon er ei avgjerd teken avKongen istatsråd.
Etter norskstatsskikk skal mange av dei viktigaste avgjerdene formelt gjerast av «Kongen i statsråd». I denne samanhengen er statsråd det formelle møtet derregjeringa, leia av Kongen, er samla påSlottet. Normalt skjer dette kvarfredag klokka 11.00. Avgjerdene som blir gjort av regjeringa samla i statsrådet under leiing av Kongen, blir kalla kongelege resolusjonar.
NårKronprinsen leier statsrådet blir resolusjonane som blir gjort kallaKronprinsregentens resolusjonar (etterGrunnloven § 41).
Når unntaksvis verken Kongen eller Kronprinsen deltek i avgjerder som skal takast av «Kongen i statsråd», held ein møtet i statsrådssalen påstatsministeren sitt kontor, eller unntaksvis i statsrådssalen påStortinget. Vedtak som blir gjort på eit slikt møte blir kalla regjeringas resolusjonar.