Kollektivtransport (også kallakollektivtrafikk,offentleg transport elleroffentleg kommunikasjon) er eit fellesnamn påtransportsystem der dei reisande ikkje nyttar eigne transportmiddel, men transportmiddel som står til disposisjon for allmenta. Ein litt snevrare definisjon er at dei skal gå i fast rute for transport av fleire personar.
Desse finst i fleire variantar og storleikar, til både lokalreiser og fjernreiser. I daglegtalen omfattar kollektivtransport først og fremst buss og bane i lokal rutetrafikk. Mykje av kollektivtransporten er delfinansiert av offentlege tilskot i tillegg til billettinntektene. Tilbodet av kollektivtransport (kollektivtilbodet) blir normalt regulert avstyresmaktene, og tradisjonelt har også mange av trafikkselskapa vertstatlege,fylkeskommunale ellerkommunale føretak.