Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kollektbøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eikollektbøn ellerkollektbønn er ei bøn som samlar opp temaet for gudstenesta. I den tradisjonelleliturgien iDen norske kyrkja kom kollektbøna i innleiinga av gudstenesta, etterGloria. Etter liturgireforma frå 1. søndag i advent 2011, er kollektbøna eit valfritt ledd.

Kollektbøna varierer frå søndag til søndag, og skal gjenspeigle dagens bodskap. I liturgien forlangfredag ogbots- og bededag er det inga kollektbøn. Dagar sompinseaftan,1. mai,17. mai,jonsok,olsok,hausttakkefest ogjulaftan har òg eigne kollektbøner.

Dei eldste kollektbønene har bakgrunn iMissale Romanum. Dei er svært generelle. Kollektbønene somVeit Dietrich har skrive er fyldigare og meir spesielle. Kollektbønene som vert bruka i Den norske kyrkja byggjer på desse. Vi finn kollektbønene for kvar søndag i bøker med preiketekstane gjennomkyrkjeåret. Alle bønene endar med den faste vendinga«han som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, ein sann Gud frå æve og til æve.»

Kjelde

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kollektbøn&oldid=3434936»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp