Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Kolkata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
কলকাতা, कोलकाता, Kolkata, Kolkata
Satellittbilde av Kolkata med elva Hugli (2007)
Satellittbilde av Kolkata med elvaHugli (2007)
Satellittbilde av Kolkata med elvaHugli (2007)
Delstat
Land
Vest-Bengal
India
Grunnlagd avAustindiakompaniet1690
BorgarmeisterSovan Chatterjee
Flatevidd206,08 km²
Flatevidd
  By

1 500 km²
Innbyggjarar
  By (2001)
   - folketettleik
  Storbyområde

4 580 544
  9 920/km²
14 681 589
Høgd9 m
TidssoneIST (UTC+5:30)
Nettstad:https://www.kmcgov.in
Nettstad:www.kmcgov.in

Kolkata (bengali কলকাতা), tidlegare kjend somCalcutta, er hovudstaden i denindiske statenVest-Bengal. Han var hovudstad iBritisk India fram tilDelhi overtok i 1911. Byen var den folkerikaste i India fram til han blei forbigått avMumbai på 1980-talet. Når ein reknar med det kringliggjande byområdet er Kolkata i dag det tredje folkerikaste slike området i landet, etter Mumbai og Delhi, og det åttande folkerikaste i verda.[1]

Byen ligg på breiddene til den storeHugli (Hooghly), ei sideelv tilGanges. Han er naboby medHowrah på vestsida av Hugli. Kolkata er eit transportsentrum der hovudvegar og jarnbanar går saman. Ei internasjonal lufthamn, Dum Dum, ligg rundt 15 km nordaust for sentrum.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Namnet,Kolkata, Kolikatta (bengali) ellerCalcutta (tidlegareengelsk form), er truleg avleidd av namnet pålandsbyen Kalikata som saman medSutanuti ogGovindapur blei slått saman til den nye byen under britisk kolonistyre. Namnet blei offisielt endra til Kolkata, også på engelsk, i 2001.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Den offisielle soga til byen tek til i 1690, dåJob Charnock, ein administrator forDet britiske Austindiakompaniet, skal ha grunnlagt han som ein handelsstad. Ei festning for britiske soldatar,Fort William, stod ferdig på staden i 1702. Calcutta blei den britiske hovudbyen i regionen, som seinare blei kallaBengal Presidency. Byen låg godt til forhandelsverksemd, men innbyggjarane var utsette for ei rekkjetropesjukdommar.

I 1756 byrja britane forsterka festninga, som svar på stadige konfliktar med franske kolonialistar. Etter at protestar frånawaben (den lokale herskaren)Siraj-Ud-Daulah ikkje førte fram, gjekk han til åtak på og tok Fort William. I ei hending som blei vidkjend somBlack Hole of Calcutta skal bengalarane så ha halde britiske krigsfangar fanga i eit lite fangehòl ei tropenatt slik at at dei fleste omkom. Året etter tokRobert Clive tilbake kontroll over området og vann store erstatningar frå nawaben.

Esplanaden i Calcutta i 1850.

Calcutta blei utnemnd til hovudstaden for Britisk India i 1772. Tidleg på 1800-talet blei sumpområdet rundt drenert og bygd på. Langs Hugli blei det bygd prangande offiselle bygg, særleg undergeneralguvernørenRichard Wellesley (1797–1805). Ved midten av 1800-talet var byen delt i to område, «White Town» vedChowringhee, der det hovudsakleg budde europearar, og «Black Town» i nord, der dei fleste innfødde indarar heldt til.

På 1700- og 1800-talet var byen sentrum for den britiskeopiumshandelen. Frå 1850-åra gjekk han gjennom ei rask industrialisering, særleg innantekstilsektoren ogjuteproduksjon. Dette førte vidare til offentlege investeringar i infrastruktur somjernbane ogtelegraf. 1800-talet markerte også byrjinga påBengal-renessansen, ei sosiokulturell rørsle der bengalske intellektuelle utvikla ein indiskmodernitet. Calcutta blei også sentrum forden indiske frigjeringsrørsla.Delinga av Bengal i 1905 førte til store offentlege protestar ogboikott av britiske produkt (Swadeshi-rørsla). I 1911 blei Bengal delvis gjenforeint, medan kolonihovudstaden blei flytta tilNew Delhi.

Hugli og Kolkata i 1945.

Byen leid hardt underhungersnauda i Bengal i 1943. I samband meddelinga av Britisk India, då Bengal igjen blei delt mellom India og Pakistan, opplevde byen 1946–47 valdsame samanstøytar mellom hinduar og muslimar. Byen blei verande del av India, men mista delar av det naturlege omlandet sitt til Aust-Pakistan (noverandeBangladesh), og mottok millionar av flyktningar derfrå. I samband med krigen mellom Vest- og Aust-Pakistan i 1971 kom ein ny, stor flyktningstraum. Innvandringa av flyktningar frå Bangladesh og arbeidssøkande frå delstataneBihar,Orissa ogUttar Pradesh fortsette inn på 1980-talet, og har vore med på å forsterka dei enorme sosiale og økonomiske problema i byen.

Utdanning

[endre |endre wikiteksten]

Byen er sete for tre universitet, det eldste grunnlagt i 1857, fleire høgskular og forskingsinstitusjonar.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Kolkata

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«Kolkata» iStore norske leksikon, snl.no.


Spire
Dennegeografiartikkelen som har medIndia ogBengal å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kolkata&oldid=3144271»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp